See list of study plans starting on:

Norsk 2: Lese- og skriveopplæring, nettstudium

Studieprogram: 
Norsk 2, Lese- og skriveopplæring (nettstudium)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
200
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning med 30 studiepoeng i norsk eller fullført førskulelærarutdanning/barnehagelærarutdanning.

Om studiet

Studiet byggjer på norsk i lærarutdanningane og gir ei fordjuping/vidareutdanning knytt til sentrale norskdidaktiske emne. Studiet gir kunnskap og kompetanse knytt til lese- og skriveopplæring, emne som er svært sentrale i gjeldande læreplan for grunnutdanninga, Kunnskapsløftet. Det er eit relevant studium både for dei som vil fordjupe seg i norskfaget i siste del av lærarutdanninga, og dei som er ferdig utdanna lærarar/førskulelærarar, og som ønskjer seg ei fagleg oppdatert vidareutdanning i grunnskulens norskfag.

Med 60 stp. i norsk er ein etter Kompetanseforskrifta kvalifisert til å bli tilsett for å undervise i norsk på ungdomssteget. For undervisning i barneskulen vil 60 stp. i norsk gjere deg til ein ressursperson i skulens største fag.

For dei som har førskulelærarutdanning, kan studiet vere del av dei 60 studiepoenga Kompetanseforskrifta krev i tillegg til førskulelærarutdanninga, for å bli tilsett for undervisning i skulen på barnesteget (1.-4. klasse). Du vil då kunne søkje om undervisningsstillingar på barnesteget med god kompetanse i skulens største fag.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten

- har kunnskap om ulike teoriar og ulik praksis knytt til lese- og skriveopplæring

- har kunnskap om lese- og skrivevanskar og norsk som andrespråk

- har kunnskap om korleis ein utviklar lese- og skrivelyst, og om lese- og skrivestrategiar

- har kunnskap om kartlegging og vurdering av det faglege nivået til elevane i lesing og skriving

- har kunnskap om korleis IKT skaper nye arenaer, sjangrar og føresetnader for kommunikasjon

- har kunnskap om at lesing og skriving er både reiskapar for læring og for danning

- har god kunnskap om tekstar i ulike sjangrar.

Ferdigheiter

Studenten

- kan planleggje og gjennomføre gode læringsforløp i lese- og skriveopplæringa basert på læreplanverk, fagleg og fagdidaktisk teori, grunngi dei og evaluere dei

- kan leggje til rette for god lese- og skriveopplæring for elevar med lese- og skrivevanskar og elevar som har norsk som sitt andrespråk

- kan stimulere lese- og skrivelyst i skulen, og drive opplæring i lese- og skrivestrategiar

- kan tilby elevane ei variert, tilpassa og differensiert lese- og skriveopplæring opplæring der elevar får kjennskap til ulike lese- og skrivestrategiar tilpassa kontekst og føremål

- kunne nyttegjere seg av IKT i lese- og skriveopplæringa

- kan leggje til rette for ei lese- og skriveopplæring som både stimulerer og utviklar dei grunnleggande ferdigheitene til elevane, og som stimulerer danning knytt til kultursida av norskfaget

- har den tekstkompetansen, evalueringskompetansen og vurderingskompetansen ein treng for å drive lese- og skriveopplæring i ulike sjangrar.

Generell kompetanse

Studenten

- kan bruke faglege kunnskapar om lese- og skriveopplæring til å drive opplæring i tråd med Kunnskapsløftet

- har kunnskap om korleis lesing og skriving er grunnleggande ferdigheiter som er avgjerande for opplæring i alle fag på alle nivå, og for deltaking i arbeids- og samfunnsliv

- kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon.

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er på 30 stp. og består av eitt obligatorisk emne. Studiet går over eitt år, med oppstart haustsemesteret og eksamen (vurderingsmappe) vårsemesteret. Studiet er organisert gjennom fire tyngdepunkt gjennom studieåret. Eit tyngdepunkt består av nettleksjonar som introduserer og aktualiserer faglege tema som studentane skal arbeide med og skrive oppgåver om i påfølgande arbeidsperiode. Slik styrer tyngdepunkta framdrifta i studiet. Studiet er nettbasert i Fronter - det er ingen samlingar på studiet.

Tre av arbeida studenten har gjort gjennom året, skal inngå i ei vurderingsmappe etter nærare presiserte kriterium (sjå emneplanen).

Norsk 2: Lese- og skriveopplæring (nettbasert med avgift)
Navn: 
Norsk 2: Lese- og skriveopplæring (nettbasert med avgift)
Emne2020 Haust2021 Vår
1515
Kostnader

Studiet er delfinansiert med studieavgift, kr 8000 + semesteravgift.

Ansvarleg
Birgitte Fondevik, bfg@hivolda.no