See list of study plans starting on:

Norsk 1 for 1.-7. årstrinn - Vidareutdanning for lærarar

Studieprogram: 
Norsk 1, 1.-7. trinn - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2021
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdaning (allmennlærar, barnehagelærar, faglærar eller PPU)

Om studiet

Studiet er eit vidareutdanningstilbod for lærarar som har lite eller ingen norsk i si tidlegare utdanning.

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i norsk for elevar på 1.-7. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise i norsk i dagen skule, samtiding som han/ho skal kunne vere med å utvikle og forme norskfaget for framtida.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram 

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • undervisningskunnskap i norskemna elevane arbeider med på barnesteget
  • kunnskap i relevante norskfaglege tema og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet på barnesteget
  • kunnskap om norskfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen, og om overgangane mellom stega i grunnskulen
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning for alle elevar på barnesteget, med fokus på variasjon og elevaktivitet
  • har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i norskfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk og utforskande med tekst i ulike former og på ulike nivå
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • bruke både norskfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • vise evne til refleksjon og kritisk tenking
Organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6)  Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Zoom. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Norsk 1 for 1.-7. årstrinn, Vidareutdanning for lærarar
Navn: 
Norsk 1 for 1.-7. årstrinn, Vidareutdanning for lærarar
Emne2021 Haust2022 Vår
15
15
Ansvarleg
Pernille Fiskerstrand