Programmering, 5.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
Studiet er tilrettelagt og reservert for lærarar som er tekne opp gjennom Kunnskapsdepartementet si satsing Kompetanse for kvalitet.
I studiet får studentane, uavhengig av tidlegare erfaring, utvikle kompetanse til å planleggje, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som gir elevane grunnleggjande ferdigheiter i programmering. Studiet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, og det å integrere programmering i ordinære undervisningsfag.
Hovudfokuset ligg på korleis ein kan arbeide praktisk med programmering i grunnskulen, med fordjuping i verktøy og metodar relevante for 5.-10.trinn. Studentane får erfaring med metodar for å utvikle algoritmisk tenking utan digitale verktøy, og med visuelle og tekstbaserte programmeringsspråk. Programmeringa går føre seg på nettbrett, PC og med mikrokontrollerar som t.d. Micro:bit og Arduino.
Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i programmering for elevar på 5.-10. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise i og integrere programmering i skulen.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Kandidaten skal kunne
- vise forståing for programmeringa si nytte i skule og samfunn
- vise forståing for diskursen om modellering, algoritmisk tenking og programmering i skulen
- vise forståing for algoritmar og datastrukturar
- gjere greie for prinsippa i objektorientert programmering
- vise forståing for omgjering av problem til delproblem, og vurdere når det er føremålstenleg å løyse disse digitalt.
- vise forståing for grunnleggande element i eit programmeringsspråk
- gjere greie for ulike programmeringsverktøy og programmeringsspråk til bruk i skulen
- gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til programmering, både generelt og knytt til grunnskulen sine fag
- gjer greie for korleis integrere prototyping med mikrokontrollar i læringsarbeidet
Kandidaten skal kunne
- utforme algoritmar og pseudokode, generalisere og tilpasse eksisterande algoritmar og kode
- lage program ved hjelp av visuell- og tekstbasert programmering
- kommentere, feilsøke og vidareutvikle program
- planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering
- integrere programmering i elevar sitt læringsarbeid, og vurdere elevarbeid som inkluderer programmering med og utan mikrokontrollar
Kandidaten skal kunne
- oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
- arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling om programmering
- bidra til kritisk refleksjon over programmering i skulen
- bidra til å utvikle fagleg grunngjeven bruk av programmering i skulen
- reflektere over korleis programmering kan styrke samarbeid og djupnelæring, og stimulere entreprenørskap og kreativitet
Studiet er nettbasert. Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.
Emne | 2021 Haust | 2022 Vår |
---|---|---|
7.5 | ||
7.5 | ||
Sum (15 total) | 7.5 | 7.5 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Studenten må også ha tilgang til utstyr knytt til prototyping med mikrokontrollerar. Naudsynt utstyr vert gjort kjent ved semesterstart.