Examen philosophicum (nettstudium)
Fagstoffet er fordelt på tre delar. Den første omfattar filosofi- og vitskapshistorie. Den andre omfattar allmenn moralfilosofi. Den tredje dreier seg om generell vitskapsfilosofi.
Del 1: Filosofi- og vitskapshistorie
Delen gjev eit oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes.
Del 2: Etikk
Delen skal gje eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar innan moralfilosofien.
Del 3 Vitskapsfilosofi
Delen skal gje eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar innan vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om
- har kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider
- har særleg innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk
Studenten:
- har tileigna seg innsikt i grunnleggande vitskaplege tenkemåtar og metodar, og til ei viss grad kunne applisere desse på ulike fagstudium
- har tileigna seg innsikt i grunnleggande omgrep, teoriar og tenking innan allmenn etikk
Studenten:
- har utvikla evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, viskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål – som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål, og for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på
Dette studieprogrammet inneheld berre eitt emne, EXP100N. Emnet er organisert som eit nettstudium. Undervisinga har form av leksjonar og undervisningsfilmar i Canvas. Det blir også lagt opp til møtepunkt i sanntid i Zoom mellom studentar og faglærarar. Det vert utarbeidd ein plan/kalender over nettundervisninga med tidspunkt for utsending av leksjonar og fristar for innlevering av oppgåvene. I løpet av semesteret skal kvar student skrive to oppgåver. Oppgåvene skal ha ein storleik på ca. 1000 ord og skal leverast i Canvas innan oppgjevne tidsfristar. Lærar kommenterer og vurderer dei to oppgåvene. Oppgåvene må vere godkjende før ein kan ta eksamen.
Emne | 2023 Haust |
---|---|
Emnet har oppstart både haust og vår | |
10 | |
Sum (10 total) | 10 |