Historie, opne emne på nett, studiestart vår
Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.
Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.
Studiet kan gå inn som halvårsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i ei lang rad bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda (HVO), andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.
Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m.v.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført utdanning:
Studenten skal ha
- grunnleggjande oversikt over ein lengre periode i norsk og internasjonal historie
- visse kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
Studenten skal kunne
- tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studenten skal kunne
- setje seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- dokumentere skriftleg arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Studiet er sett saman av tre emne á 15 studiepoeng. Studenten vel sjølv kor mange av emna han/ho vil gjennomføre. Heiltidsstudenten vel to emne i eit semester og eitt i det andre. Deltidsstudenten vel eitt emne pr. semester.
Studiet er nettbasert og alle innleveringar av oppgåveutkast m.m. skjer i eige e-læringsverktøy (Canvas). Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda, at studenten er fortruleg med internettbruk: navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum og opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut detaljerte rettleiingar i slik bruk i Canvas.
Emne | 2023 Vår | 2023 Haust |
---|---|---|
Heiltidsstudenten vel to emne kvart semester. Deltidsstudenten vel eitt emne kvart semester. | 15 | 15 |
15 | 15 | |
15 | 15 | |
15 | 15 | |
Sum (30 total) | 15 | 15 |