Historie - årsstudium
Studiet gir ei grunnleggjande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram mot vår tid, i tillegg til ein elementær introduksjon i historisk metode. Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.
Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.
Studiet kan gå inn som årsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i ei lang rad bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda (HVO), andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.
Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m. v.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har grunnleggjande oversikt over norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram mot vår tid, og vere i stand til å sjå samanhengar og samanlikne i tid og rom
- har innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
- gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, ha utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa område eller tema
- har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori
- har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet
Studenten:
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studenten:
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Historie årsstudium er sett saman av fire emne à 15-studiepoeng. Tre av emna er obligatoriske grunnemne i oversynshistorie, i tillegg vel ein eit historisk innføringsemne (HI100) eller eit fordjupingsemne. Fordjupingsemnet kan ikkje veljast før to av dei obligatoriske grunnemna er fullført. Studenten kan velge mellom alle fordjupningsemna som det er tilbod i, anten emnet går lokalt med forelesing eller om det går som nettstudium. Det må melde seg minimum åtte studentar for at eit fordjupningsemne skal gå med forelesing.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|
Obligatoriske emne | 30 | 15 |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Valbare emne vårsemesteret (Instituttet tek atterhald om påmelding og at nødvendige lærarkrefter er disponible): | 15 | |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |