Historie fordjuping, opne emne på nett, studiestart vår
Studiet vil kunne gje innsikt i dei sosioøkonomiske og kulturelle kontrastane og mangfaldet i verda. Hovudvekta ligg på nyare tid med prosessen då Europa og Vesten vart dominerande drivkraft. Gjennom samanliknande studie av moderniseringsprosessar i norske kystsamfunn kjem det fram at kontrastane og mangfaldet også finst mellom ulike regionar innanfor stats- og nasjonsgrenser. (emna HI201 og HI212).
Studiet vil òg kunne gje innsikt i lokalhistoriefeltet, slik det har vakse fram dei siste hundre åra og slik det blir drive i Noreg i dag. Oversynskunnskapar om fagfeltet internasjonalt er også innan synsfeltet (emnet HI204).
Emnet Spania – identitetar, nasjonar, regionar (HI208) er todelt: Hovudfokus ligg på nyare spansk historie, med særleg fokus på spanske nasjonale identitetar eller nasjonsbyggingsprosjekt, slik som den liberale 1800-talsnasjonalismen og Francoregimets nasjonalkatolisisme, og på framveksten og konsolideringa av regionale identitetar som til dømes i Baskerland, Catalonia og Galicia. Forholdet til omverda (Latin-Amerika, EU, NATO) blir analysert. Dei spanske kongedømma i seinmellomalderen og det spanske imperiet utgjer ein sentral del av emnet.
Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får studentane trening i å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid. I ei tid med raske endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida. Historia vil alltid vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal
- ha gode realhistoriske kunnskapar i tilknyting til fordjupingsemnet / emna, og dessutan kjenne til sentrale teoriar og debattar innan det/ dei valde emna
- ha grunnleggjande kunnskapar om sentrale teoriar og metodespørsmål i historisk forsking
Dersom studenten har årsstudium i historie frå HVO, skal han/ ho òg:
- ha brei kunnskap om norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til i dag, kunne sjå samanhengar og trekke samanlikningar mellom desse
- gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, ha utvida kunnskap om og innsikt i eit meir avgrensa område eller tema
- ha grunnleggjande kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
- ha innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
Studenten skal kunne
- tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- granske historiske data, kjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
- skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
- reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studenten skal
- ha medvit om samtidige og fortidige hendingar og prosessar
- kunne arbeide sjølvstendig og definere, strukturere og gjennomføre prosjekt
- ha evne til å sjå kritisk på omverda og å tenkje systematisk, analytisk og sjølvstendig
- kunne utøve kritisk og sjølvstendig tenking, og framføre velformulerte resonnement
- kunne handtere større informasjonsmengder, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kunne sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kunne demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon gjennom prosessarbeid
- kunne dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Studentane gjennomføre frå eitt til tre emne à 15 studiepoeng. Studenten vel av emna som ligg i studiemodellen. Studiet kan takast på heiltid eller deltid.
Bacheloroppgåva (HI210) skal vere innanfor eitt av teoriemna studenten har valt på fordjupingsnivå. Det må takast før eller same semester som HI210.
Emne | 2023 Vår | 2023 Haust |
---|---|---|
Studenten kan velje inntil tre av fordjupingsemna under. Minimum 15 studiepoeng, maksimalt 45 studiepoeng. | 15 | 15 |
15 | ||
15 | ||
15 | 15 | |
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |