Design, kunst og handverk (vidareutdanning) oppstart vår
Design, kunst og handverk vidareutdanning er eit av to vidareutdanningsstudium som Seksjon for design, kunst og handverk ved Høgskulen i Volda tilbyr. Det andre er spesielt tilpassa lærarar i skulen og har namnet Kunst og handverk 1, Kompetanse for kvalitet - sjå meir her https://www.hivolda.no/studietilbod/kunst-og-handverk-1-1-10-arstrinn/haust
Dette studiet er organisert som eit deltidsstudium over to semester, der studenten tek eitt emne pr. semester. Studiestaden er Volda og det er fysisk undervisning opp til to dagar kvar veke i eitt emne. Studiet har i hovudsak ei praktisk tilnærming til faget, og utviklar deg som utøvar i, og formidlar av faget. Studiet fokuserer på fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag. Kjerneelementa i Kunst- og handverksfaget i grunnskulen er fokuserte: Handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing.
I studiet er det tilbod om fleire emne, og studenten vel to emne etter eige ynskje.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verkty knytt til skapande prosessar i til dømes bilete, bruksform og arkitektur
- har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag.
Studenten:
- kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i til dømes bilete, bruksform og arkitektur
- har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling.
Studenten:
- har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
- kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer.
Studiet vert sett saman av to emne à 15 studiepoeng, etter studenten sitt eige ynskje (sjå emnealternativ under overskrifta Valfrie emne).
Dersom studiet seinare skal utvidast til årsstudium, kan studenten søkje om å få eit av emna innpassa som ein del av studiet (sjå kva emne det er i studieplanen for årsstudiet i kunst og handverk).
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Det er fysisk undervisning opp til to dagar kvar veke i eitt emne.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).
Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.
Emne | 2023 Vår | 2023 Haust |
---|---|---|
Valfrie emne | 15 | 15 |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studentane betalar ei materialavgift for dei fleste emne. Denne dekker felles innkjøpte materiale. Summen for kvart emne er å finne i dei aktuelle emneplanane. I tillegg må studenten pårekne innkjøp av litt materiale til bruk i eige eksamensarbeid, i enkelte av emna.