See list of study plans starting on:

Religion, livssyn og etikk - fordjupingsstudium

Studieprogram: 
Religion, livssyn og etikk - fordjupingsstudium
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2023
Studieplassar: 
5
Studietype: 
Fordjupning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Deltid
Opptakskrav

Grunnstudium (60 eller 50 studiepoeng på 100-nivå) i religion, livssyn og etikk eller tilsvarande.

Om studiet

I fordjupingsstudiet kan studenten utdjupe sine kunnskapar innan fagområdet religion, livssyn og interkulturell forståing. Kompetanse om det religiøse og livssynsmessige mangfaldet i samfunnet er etterspurt og viktig i fleire yrkessamanhengar, t.d. helsesektoren, media, organisasjonar og kyrkjeliv. Studiet består av eit valfritt emne (REL210 eller REL207) og eit obligatorisk (REL212) der studenten skriv ei fordjupingsoppgåve.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna der kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse er spesifisert. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar
  • utdjupande kunnskapar innan fagområdet religion, livssyn og interkulturell forståing
Ferdigheiter
  • har evne til å tileigne seg ny kunnskap innan dei valte emna og fagområde
  • kan formidle kunnskapane på ein god måte skriftleg
Generell kompetanse
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
Organisering og arbeidsmåtar

Studenten vel eit av dei valfrie emna Intercultural understanding (REL210) eller Livssynsmarknad og livssynsdebatt (REL207), i tillegg til emnet Fordjupingsoppgåve (REL212). Studiet kan gjennomførast på eitt eller to semester (heiltid eller deltid).

Religion, livssyn og etikk - fordjuping
Navn: 
Religion, livssyn og etikk - fordjuping
Emne2023 Haust2024 Vår
1515
NB! REL212 kan takast både i haust- og vårsemester
Valemne
 
15
 
15
Ansvarleg
Knut-Willy Sæther, tlf. 70075340, e-post setherk@hivolda.no