Leiing av utviklingsarbeid i barnehagen - Kompetanse for fremtidens barnehage
Studietilbodet “Leiing av utviklingsarbeid” er forskings- og praksisbasert, og dei to 15 stp. emna har aktualitet i dagens barnehage. Undervisning og pensum speglar nyare forsking og fagutvikling nær leiarrolla til barnehagelæraren. Studenten skal nytte eigen arbeidsplass som læringsarena under studiet for å støtte eigen og kollegiet si faglege utvikling. Ein tek omsyn til at studenten tilpassar og inkluderer studieemnet i sin yrkespraksis. Studietilbodet legg vekt på fleksibel læring, og det er forventa at studenten utviklar og øver seg i rolla som endringsleiar. I tråd med rammeplan for barnehagen skal studenten vidareutvikle rolla si som leiar og endringsleiar. Studenten planlegg og leier gjennomføringa av eit utviklingsarbeid tilpassa barnegruppa sine erfaringar, interesser, synspunkt og initiativ. Eit mangfaldsperspektiv skal styre val, planar og leiing av utviklingsarbeidet. Studietilbodet gir studenten teoretisk og empirisk grunnlag for å meistre utfordringar og moglegheiter i barnehagen.
For å utvikle barnehagekvalitet, legg emnet vekt på kritisk analyse og diskusjon av vurderingsmåtar, dokumentasjonar og implementering av intensjonane i politiske styringsdokument. I emnet studerer studenten kva som kjenneteiknar ein lærande organisasjon og korleis den kan utviklast. Målsetjinga er å utvikle fagleg skjønn for å leie arbeidet med kompetansebygging for personalgruppa, med vurdering og dokumentasjon knytt til implementering av nye strategiar, program eller tiltak. I begge emna møter studenten profesjonsforsking som skal utfordre eiga profesjonsutøving og den kollektive praksisen. Studietilbodet er praksisretta då arbeidsmåtane er varierte, med studentaktivitetar som byggjer vidare på barnehagelæraren sin kompetanse og yrkesutøving. Målet er at arbeidsmåtane, både individuelle og gruppevise, ligg nær yrkespraksis. Studiet legg vekt på refleksjon over eigen praksis. Slik skal studietilbodet bidra til reflektert fagutvikling der studenten sjølv er leiar og kvalitetsutviklar.
Fullført utdanning kan, etter søknad, innpassast som del av masterprogrammet i barnehagekunnskap (120 stp.) ved Høgskulen i Volda. Ein eventuell søknad om innpass skjer etter opptak på masterprogrammet.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
- har avansert kunnskap om sentrale teoriar og forsking knytt til profesjonar, profesjonsutøving og profesjonsutvikling
- har inngåande kunnskap om barnehagen som pedagogisk institusjon i historisk og samtidig perspektiv, samt i nasjonale og internasjonale perspektiv
- har kunnskap om, og kompetanse i, korleis planlegge og leie utviklingsarbeid som inkluderer heile personalet
- har kunnskap om korleis mangfaldet i foreldre- og barnegruppa og behovet for medverknad kan takast omsyn til
- har innsikt i forskingsbasert kunnskap som fremmer barnehagen som lærande organisasjon
- har grunnleggande forståing for og kunnskapar om barnehagen sine samfunnsmandat og konsekvensane desse har for eiga rolle som profesjonsutøvar
- har avansert kunnskap om organisasjonen barnehage og kan kjenne att utviklingstrekka som støttar og styrkjer profesjonsfagleg utvikling
- har innsikt i og forståing for barnehagelærarrolla som profesjonsrolle, også i opplevd motstand mot endring
- kan analysere utdanningspolitiske dokument og trekke linjer til konsekvensar for rolla som barnehagelærar og barnehagen som samfunnsinstitusjon
- kan bruke relevante metodar for fagleg utvikling som grunnlag for å drøfte leiing og profesjonsutøving i lys av faglege, etiske og politiske tilnærmingar
- kan leie personalet i planlegging av kompetansebygging
- har eit analytisk og kritisk blikk på eiga rolle som profesjonsutøvar og som leiar av utviklingsarbeid
- har kompetanse til å vurdere kvalitetar i og kjenneteikna til gode utviklingsprosessar for barnehagar
- kan kritisk drøfte og bidra som reflektert fagutviklar i skapinga av aktuelle kompetansebyggjande tiltak
- har utvikla eigen handlingskompetanse for å styrkje ein inkluderande praksis i barnehagen
- kan formidle forsking og utviklingsarbeid gjennom sjangeren kronikk
- kan gjennom kritisk refleksjon av praksis leie kvalitetsutvikling av personalet til profesjonelle, lærande fellesskap
- kan analysere og reflektere over barnehagen si rolle i samfunnet i lys av relevante faglege og forskingsetiske problemstillingar
- kan gjennom å utvikle ei grunnleggande forståing for barnehagen sitt mandat og konsekvensar for eiga rolle som profesjonsutøvar, anvende kunnskap og ferdigheiter på nye måtar som grunnlag for kvalitetsutvikling
- kan nytte profesjonsspråket i drøftingar av faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet
- kan bidra til nytenking og fornying i arbeid med kvalitetsutvikling
- kan i eiga yrkesutøving harmonisere omsorg, leik, læring og danning også inn i utviklings- og endringsprosessar
- kan nytte profesjonsspråket i møte med personalgruppa, barnehageeigar og barnehagen sine interessentar
- kan argumentere for og utfordre barnehagelærarrolla i lys av aktuelle nasjonale og internasjonale endringsprosessar
- kan vurdere og drøfte kvaliteten i utviklingsarbeid også ut frå intensjonane om ein styrka inkluderande praksis
- kan definere, planlegge for, leie gjennomføringa av og evaluere utviklingsarbeid i barnehagar
Arbeids- og undervisningsformene er varierte, med stor grad av studentaktivitetar og samskapt læring. Arbeidskrava er knytte til: jobb-skygging av ein endringsleiar, å arbeide fram akademisk poster, å arbeide fram kronikk og å planlegge for og leie gjennomføringa av eit utviklingsarbeid i barnehagen. Saman med personalet evaluerer dette utviklingsarbeidet ved eigen arbeidsplass.
I begge emna vekslar ein mellom digitale samlingar og personleg frammøte. Emna er bygde opp av 3 samlingar og to mellomarbeids-modular slik:
1. samling: To-dagars samling på Høgskulen i Volda. Personleg frammøte
Mellomarbeid - læringsløyper tett inn til arbeidskrava
2. samling: Digital samling over to dagar
Mellomarbeid - læringsløyper tett inn til arbeidskrava
3. samling: To-dagars samling på Høgskulen i Volda. Personleg frammøte
Eksamen
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Tilgjengeleg og sterk nok internett-tilknyting, slik at digital undervisning er mogleg for dei to digitale samlingane.
Studieprogrammet inneheld ikkje veileda praksis. Eigen arbeidsplass i barnehage er ein av læringsarenaene i begge emna som denne studieplanen omhandlar.