Matematikk 1 for 1.-7. trinn - Kompetanse for kvalitet
Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har lite eller ingen matematikk i si tidlegare utdanning og tilsvarar Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 1.–7. klassesteget.
Studiet er tilrettelagt og reservert for lærarar som er tekne opp gjennom Kunnskapsdepartementet si satsing Kompetanse for kvalitet.
Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 1.-7. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som han/ho skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten
- har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med på barnesteget
- har kunnskap i relevante matematikkfaglege tema og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet i grunnskulen
- har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen, og om overgangane mellom stega i grunnskulen
- har kunnskap om bruk av digitale verktøy og programmering i matematikk
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på barnesteget, med fokus på variasjon og elevaktivitet
- har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
- kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis
Studenten
- kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- viser evne til refleksjon og kritisk tenking
Studiet er i hovudsak nettbasert, men med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6). Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.