Norsk 1 for 1.-7. trinn, Kompetanse for kvalitet
Studiet er eit vidareutdanningstilbod for lærarar som har lite eller ingen norsk i si tidlegare utdanning.
Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i norsk for elevar på 1.-7. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise i norsk i dagen skule, samtiding som han/ho skal kunne vere med å utvikle og forme norskfaget for framtida.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
Studenten skal ha
- undervisningskunnskap i norskemna elevane arbeider med på barnesteget
- kunnskap i relevante norskfaglege tema og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet på barnesteget
- kunnskap om norskfaget sitt innhald på dei ulike stega i grunnskulen, og om overgangane mellom stega i grunnskulen
Studenten skal kunne
- planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning for alle elevar på barnesteget, med fokus på variasjon og elevaktivitet
- har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i norskfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
- bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk og utforskande med tekst i ulike former og på ulike nivå
Studenten skal kunne
- bruke både norskfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- vise evne til refleksjon og kritisk tenking
Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. (Jf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6. http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6) Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Zoom. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Det er ikkje knytt praksis til KFK-studium