Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag, 8.-13. trinn (deltid)
Studieplanen byggjer på Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for årssteg 8-13, fastsett 18.mars 2013 og nasjonale retningsliner. Studiet tek utgangspunkt i gjeldande læreplanverk for grunnskule og vidaregåande skule og er primært retta mot kvalifisering for undervisning på årssteg 8-13. Praktisk pedagogisk utdanning er profesjonsretta og integrert, praksisnær og relevant, forskingsbasert og utviklingsorientert og har høg kvalitet. Praksis skal vere integrert i alle fag.
Læraryrket er mangfaldig, interessant, engasjerande og krevjande og krev solid kompetanse på fleire område. Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag viser til kompetanseområde som skal ligge til grunn for innhaldet i utdanninga.
Praktisk pedagogisk utdanning yrkesfag er først og fremst retta mot arbeid som yrkesfaglærar i vidaregåande skule, men kvalifiserer òg for lærararbeid på ungdomssteget, instruktør i bedrift, opplæringskontor, anna vaksenopplæring og innanfor høgare utdanning i dei fagområda studenten er kvalifisert for.
Studiet kvalifiserer til vidare mastergradsstudiar, for studentar som har minimum 180 studiepoeng på universitet- og høgskulenivå.
Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studentane følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Kandidaten
- har kunnskap om gjeldande lovverk og styringsdokument som er relevant for profesjons- og yrkesutøvinga
- har brei kunnskap om yrkesfag, pedagogikk og yrkesdidaktikk, arbeidsmetodar/ verktøy og prosesser som er relevante for profesjons- og yrkesutøvinga
- kan sjå yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk og kulturelt perspektiv
- har kunnskap om skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og det heilskaplege opplæringsløpet frå ungdomssteget til ferdig fag- eller yrkesopplæring
- har brei kunnskap om ungdomskultur, ungdomsutvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar
- har kunnskap om ungdom i vanskelege situasjoner og deira rettigheiter i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
- kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen innanfor det yrkespedagogiske og yrkesfaglege området, og kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet
Kandidaten
- kan bruke sine yrkesfaglege, pedagogiske,yrkesdidaktiske og teknologiske kunnskapar
- kan planleggje, grunngje, gjennomføre, leie, vurdere og dokumentere relevant fag- og yrkesopplæring tilpassa elevane/lærlingane sitt behov
- kan identifisere og arbeide systematisk med grunnleggjande ferdigheiter, deriblandt yrkesdidaktisk bruk av digitale verkty
- kan vurdere og dokumentere elevar si læring og utvikling, gje læringsfokuserte tilbakemeldingar og medverke til at elevane/ lærlingane kan reflektere over eiga læring
- kan orientere seg i faglitteraturen og stille seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teori knytt til ungdomssteget og fag- og yrkesopplæring
- meistrar relevante faglege verkty, teknikkar og uttrykksformer, og kan reflektere over eiga yrkesutøving og justere denne under rettleiing
- kan bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
Kandidaten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar og kan formidle sentralt fagstoff skriftleg, munnleg og gjennom andre dokumentasjonsformer
- kan gjennom fagleg innsikt, engasjement og formidlingsevne motivere for elevane/ lærlingane si læring, yrkesstoltheit og yrkesidentitet
- kan analysere eige behov for kompetanseheving og har endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv
- kan leggje til rette for entreprenørskap, nytenking og innovasjon, og at lokalt arbeidsliv, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa
- kan byggje gode relasjonar til elevar/ lærlingar og skape konstruktive og inkluderande læringsmiljø, også for minoritetar og i manns- eller kvinnedominerte miljø
- kan byggje gode relasjonar til føresette, kommunisere og samarbeide med andre aktuelle samarbeidspartar.
Læringsutbytte knytt til kvart enkelt emne er nærare skissert i emneplanane.
Praktisk-pedagogisk utdanning er eit yrkesretta, praksisbasert studium. I studiet inngår pedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis i skule. Det skal leggjast til rette for samanheng mellom teori og praksis og mellom fag og profesjonsfag. Praktisk pedagogisk utdanning skal knytte teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium sikta inn mot framtidig yrke som lærar. Prinsippet om yrkesretting av utdanninga krev at det blir lagt til rette for studentaktive arbeidsformer, praksisbaserte oppgåver og vurderingsordningar som ein del av læreprosessen. Profesjonsfaget er bygd opp rundt tre område: Profesjonskunnskap, profesjonsutøving og profesjonsutvikling, som skal gje kandidatane eit nødvendig fagleg grunnlag for profesjonell utøving av læraryrket. I praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag rommar profesjonsfaget pedagogikk og yrkesdidaktikk, og praksis er ein integrert del av opplæringa i pedagogikk og yrkesdidaktikk.
Utdanninga er sett saman av:
- Pedagogikk 1, 15 stp i første studieår, og Pedagogikk 2, 15 stp i andre studieår. Emnet Pedagogikk 1 må vere bestått for å kunne gå opp til eksamen i emnet Pedagogikk 2.
- Yrkesdidaktikk 1, 15 stp i første studieår, og Yrkesdidaktikk 2, 15 stp i andre studieår. Emnet Yrkesdidaktikk 1 må vere bestått for å kunne gå opp til eksamen i emnet Yrkesdidaktikk 2.
- Praksis minimum 60 dagar. Praksis inngår i begge studieåra, og praksis må vere bestått for å kunne fullføre studiet.
Innhaldet i studiet er organisert i to tverrfaglege hovudområde. Hovudområda skal knytast til profesjonsfaget med tilhøyrande praksis. Hovudområde:·
- Leiing av læreprosesser – leiing av lærings-og utviklingsarbeid i eit individ- og gruppeperspektiv.·
- Skulen i samfunnet – leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv.
I studiet skal kandidatane gjennomføre eit tverrfagleg utviklingsprosjekt. Utviklingsprosjektet skal kombinere pedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis og utgjer 10 stp. av studiet. Utviklingsprosjektet er lagt til 2. studieår.
Det vert lagt vekt på at kunnskap er eit resultat av både teoretisk studium og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor avhengig av studenten sin eigeninnsats, gjennom sjølvstudium av litteratur, deltaking i undervising og praksis, og diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.
Organisering og frammøtekrav
Deltidstudiet går over fire semester med oppstart i august og avsluttast om våren i det andre studieåret. Kvart studieår vert avslutta med eksamen.
PPU-Y er eit digitalt- og samlingsbasert deltidsstudie over fire semester. Studiet har digitale samlingar i sanntid, i tillegg til fysiske samlingar gjennom året. Enkelte av samlingane kan også verte lagt til andre stadar i Møre og Romsdal. Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av førelesingar og dialog i plenum, gruppearbeid, presentasjon av studentarbeid, seminar og sjølvstudium. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kompetanse er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.
Det er krav om obligatorisk frammøte ved:
- undervisingsaktivitetar, både digitalt og fysisk.
- førebuing og etterarbeid i samband med praksis
- gjennomføring av praksis. For praksis er kravet om frammøte minimum 30 +30 dagar i dei to praksisemna.
Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-6 om frammøte/ deltaking i undervisninga.
Sjå emnetabellen for meir informasjon om studieløpet.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår | 2024 Haust | 2025 Vår |
---|---|---|---|---|
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
* | * | |||
2. STUDIEÅR | ||||
7.5 | 7.5 | |||
7.5 | 7.5 | |||
* | * | |||
Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgjenge på eigna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon.
Praktisk- pedagogisk utdanning er ei av utdanningane med krav om skikkavurdering, dvs. at ein student vil bli vurdert om han/ho har dei faglege og personlege føresetnadane for yrkesutøvinga som utdanninga kvalifiserer til, jmf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-14.
Viser også til Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-30-859?q=skikkethets
Les meir om skikkavurdering ved Høgskulen i Volda her: https://www.hivolda.no/students%C3%B8rvis/regelverk/skikkavurdering
Omfanget av praksis er minimum 60 dagar. Praktisk pedagogisk utdanning er praksisbasert, der praksis i skulen er ein integrert del av opplæringa i pedagogikk og yrkesdidaktikk og er ein læringsarena på line med undervising ved utdanningsinstitusjonen. I praksis skal studentane utvikle sin profesjonskunnskap gjennom å prøve ut og analysere/ vurdere eigne faglege og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa skal vere rettleia, variert og vurdert. Praksisopplæringa skal hovudsakleg gjennomførast i vidaregåande skule og vere fordelt på dei ulike årsstega i utdanningsprogrammet. Minst ti dagar skal gjennomførast på ungdomssteget. Høgskulen i Volda har praksisskuleavtalar med skular i Møre og Romsdal og Nordfjord, men legg også til rette for praksis andre stadar i Noreg. Som ein del av internasjonaliseringsarbeid kan Høgskulen i Volda også tilby delar av praksisopplæringa i utlandet. Emneplan for praksis gir nærare omtale av praksisorganisering og læringutbytte for praksis.
Delar av praksisopplæringa kan etter avtale gjennomførast i utlandet.