See list of study plans starting on:

Skriftkulturar - master

Studieprogram: 
Skriftkulturar - master
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2023
Studieplassar: 
25
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Oppnådd bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 studiepoeng), der minimum 20 av studiepoenga må vere frå fordjupingsemne (200-nivå) i norsk (nordisk) eller engelsk.

Om studiet

Moderne samfunn er sterkt prega av moglegheitene (og avgrensingane) skriftspråk gjev oss, både når det gjeld korleis vi med språket relaterer oss til verda og korleis oppfatningar av verda blir skapte.  Skriftspråk er berarar av kultur, og med ein skriftkultur forstår vi tilhøvet mellom eit skriftspråk, brukarane av skriftspråket og tekstane som er med på å forme og bere kulturane språkbrukarane tek del i. Skriftkulturar er dynamiske og utviklar seg i relasjon til andre skriftkulturar. I tillegg har vi dynamiske forhold mellom skriftkulturar og ulike munnlege og visuelle kulturuttrykk. Dette er forhold som kan ha form både av overlapping og konflikt. Skriftkulturelle utviklingsprosessar kan bli prega av dominans og motstand, som i relasjonar mellom dominerande kulturar og sub- og motkulturar knytt både til ulike grupper i samfunnet og til ulike medium. Eit viktig mål med dette masterstudiet  er å kaste lys både over særeigne og universelle trekk ved skriftkulturar.

Studiet er tverrvitskapleg og bygger på ulike fag og disiplinar som språksosiologi, sosiolingvistikk, språkplanlegging, språkdidaktikk, lese- og skrivekunne, semiotikk, tekstteori, omsetjings- og resepsjonsstudium, bokhistorie, historieteori, samfunns- og kulturvitskap, kjønnsstudium og kvinneforsking, digital humaniora, vitskapsteori og filosofi. Det er såleis forankra i fag og disiplinar som sameinar humanistiske og samfunnsvitskaplege perspektiv. 

Ein skriftkultur utgjer eit fellesskap av skriftspråksbrukarar, sjølv om variasjonen kan vere stor når det gjeld medvit om eigne skriftkulturar, identitetane dei skaper og tilhøvet til andre skriftkulturar. For å kunne sjå samanhengen mellom skriftspråk, språkbrukarar og kulturane dei skaper og deler, er det såleis sentralt å forstå ulike skriftkulturar og korleis dei er ulike. I studiet får studentane høve til å sjå mindre brukte skriftspråk i lys av dominerande verdsspråk med nynorsk og engelsk som sentrale eksempel på skriftspråk med ulike rammevilkår.

På skriftkulturstudiet arbeider vi med skriftspråklege tekstar i ulike sjangrar og medium. Vi studerer både tekstar i kulturar og kulturar i tekstar. Institusjonaliseringa av skriftspråklege diskursar har ein normativ og ideologisk funksjon i samfunnet, og framvekst og utvikling av skriftkulturar er såleis også utvikling av samfunn. Samstundes gjev skriftfesting av språket oss høve til å reflektere over tilhøvet mellom språket og verda på måtar som ikkje er moglege før skriftfestinga. Skriftkulturar har såleis ei ibuande spenning mellom makt til å definere fellesskapets normer og individets moglegheiter for kreativ utfalding.

Skriftspråket er også ein grunnleggande føresetnad for systematisering av kunnskap og læring. Skriving og skriftspråklege produkt er svært sentrale i skulen, og studiet gjev også høve til å reflektere over skriftkulturen si rolle i læringsprosessar, med både psykologiske og sosiokulturelle perspektiv på lese- og skrivedidaktikk.

Studiet tilbyr fordjuping i anten engelsk eller norsk. Master i skriftkulturar gjev brei kompetanse innanfor språk, litteratur og kultur og eit inngåande, kritisk og tverrfagleg perspektiv på skriftkulturar si rolle i samfunnet, noko som kan vere både nyttig og naudsynt i eit samfunn og arbeidsliv som blir stendig meir fleirkulturelt og fleirspråkleg.  Saman med PPU gjev fullført studium lektorkompetanse i faga engelsk eller norsk i skulen og kvalifiserer også for arbeid i forlag, media og  kulturformidlingsinstitusjonar. Fullført Master i skriftkulturar gjev også høve til å søkje om opptak ved doktorgradsprogram.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Kunnskapar

Kandidaten

  • har inngåande kunnskap om ulike skriftkulturar, rolla dei spelar i samfunna dei er ein del av, ulike grupper dei er knytte til og om tilhøva mellom dei
  • har inngåande kunnskap om historia og situasjonen til nynorsk skriftkultur og engelskspråklege skriftkulturar
  • har inngåande kunnskap om skriftlege tekstar som kulturuttrykk og om den kulturelle vekselverknaden mellom skriftspråk, talespråk og visuelle kulturuttrykk i ulike medium
  • har inngåande kunnskap om nyare forsking innanfor det skriftkulturelle feltet og kunnskap om språkleg funderte fag og disiplinar innanfor humaniora og samfunnsvitskap som er relevante for forsking på skriftkulturar
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan analysere og vurdere vilkåra for ulike skriftkulturar, og den rolla dei spelar i samfunna dei er ein del av
  • kan analysere relasjonar mellom dominerande kulturar og sub- og motkulturar knytt både til ulike grupper i samfunnet og til ulike medium
  • kan analysere skriftlege tekstar som kulturuttrykk og, der det er relevant, analysere dei i høve til munnlege og visuelle kulturuttrykk
  • kan grunngje val av og nytte relevante teoriar og metodar frå språkleg funderte fag og disiplinar innanfor humaniora og samfunnsvitskap
  • kan analysere og vurdere kritisk ulike informasjonskjelder og nytte dei til å strukturere og formulere skriftkulturelle problemstillingar og framstillingar
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan analysere tekstar og argument og framstille eigne argument på ein ryddig, logisk og samanhengande måte både munnleg og  skriftleg på norsk eller engelsk
  • kan skrive klar og presis akademisk sakprosa på korrekt norsk eller engelsk
  • kan kommunisere skriftleg og munnleg med spesialistar og ålmenta om relevante faglege problemstillingar
Organisering og arbeidsmåtar

Mastergradsstudiet i skriftkulturar går over to studieår på fulltid og over fire studieår på deltid. Undervisninga er organisert som vekesamlingar. Kvart haustsemester blir det gjeve undervisning i dei obligatoriske fellesemna SKR301 Skriftkulturar og SKR302 Vitskapsteori og metode. Kvart vårsemester blir det gjeve undervisning i valemna SKR303 Språkvitskap og skriftkulturar, SKR304 Nynorsk samtidslitteratur, SKR305 Skrift og fridom i den engelskspråklege verda og SKR306 Lese- og skrivekunne. Alle emna er på 15 studiepoeng, og ein må ta til saman fire innleiande emne, tilsvarande 60 studiepoeng. Studentar kan søkje om utveksling for slik å erstatte inntil to av valemna med godkjende erstatningsemne frå ein av våre samarbeidsinstitusjonar i utlandet. I tillegg skal studenten skrive ei sjølvvald masteroppgåve som tel 60 studiepoeng.

Skriftkulturar - master
Navn: 
Skriftkulturar - master
Emne2023 Haust2024 Vår2024 Haust2025 Vår
Obligatoriske fellesemne som vi tilbyr
30303030
 
15
 
15
 
3030
Valemne. Studenten kan fritt velje to av dei fire valemna som vi tilbyr kvart vårsemester eller søkje opptak til ein av våre samarbeidsinstitusjonar i utlandet (30 stp.)
 
15
 
15
 
15
 
15
Ansvarleg
Stig J. Helset, tlf: 70 07 51 59, e-post: stig.helset@hivolda.no