Examen facultatum
Studieprogram:
Examen facultatum
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng:
10
Studielengd:
1 semester
Kull:
2024
Studieplassar:
30 (dette talet er maksimum tal på studentar i Hum101, Hum102 og Hum103N samanlagt)
Studietype:
Bachelorgradsstudium
Organisering
Deltid
Om studiet
HUM103N er nettbasert, og er identisk med Ex. fac.-delen av det humanistiske innføringsstudiet HUM101, utan skrivekursdelen.
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om
- fag- og vitskapshistorie
- sentrale spørsmål i dei humanistiske faga.
Ferdigheiter
Etter fulført emne skal studenten
- ha trening i fagleg skriving på 100-nivå.
- ha tileigna seg innsikt i grunnleggande vitskaplege tenkemåtar og metodar
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studenten
- ha utvikla allmenn kjennskap til og ei allmenn forståing av vitskapleg grunnlagsproblematikk.
- ha innsikt i ulike vitskapar og vitskapstypar i høve til kvarandre og i høve til samfunnet.
Organisering og arbeidsmåtar
Studiet er nettbasert og undervisninga vert gjeven gjennom nettleksjonar. Undervisning og eksamen vert gjennomførde i haustsemesteret.
Examen facultatum
Navn:
Examen facultatum
Emne | 2024 Haust |
---|---|
10 | |
Sum (10 total) | 10 |
Evaluering og kvalitetssikring
Ansvarleg
Katrin Lunde. Tlf. 7007 5109, e-post kl@hivolda.no