Se liste over studieplaner som starter:

Norsk (nordisk) - årsstudium (nettstudium, deltid)

Studieprogram: 
Norsk (nordisk) - årsstudium (nettstudium, deltid) 
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2025
Studieplassar: 
100
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Studiet kan nyttast som grunnlag for fordjuping i norsk. Med sin særeigne kulturprofil gir studiet også eit godt grunnlag for opptak til Bachelor i språk og litteratur og Master i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda. Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar som er naudsynte anten dei skal bli norsklærarar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i norsk språk og litteratur. Det gjeld mellom anna informasjonsarbeid og arbeid i presse eller forlag. Undervisninga i det nettbaserte årsstudiet blir gitt gjennom tekstlege leksjonar på nett og oppgåveskriving med individuell rettleiing. 

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha grunnleggande kunnskapar om norsk (nordisk) språk og litteratur i fortid og notid
  • vere i stand til å gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i praktisk og kulturell samanheng
Ferdigheiter

Studenten skal

  • vere fortruleg med metodiske hovudprinsipp for analyse av språk og tekst i ulike sjangrar
Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
  • ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng kvar, to i språkvitskap og to i litteraturvitskap. Kvart emne er delt inn i tre tyngdepunkt. Dei to haustemna gir grunnleggande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. I vårsemesteret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv:

  • NO101N: Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkkunnskap, og emnet gir eit felles grunnlag for studiet av norsk (nordisk) språk.
  • NO102N: Språket som kultur tek for seg språket i fortid og notid og gir studenten teoretisk innsikt i forholdet mellom språk og samfunn.
  • NO103N: Tekst og struktur gir innføring i dei litterære hovudsjangrane. Pensum er sett saman av sjangerteori, litteraturhistorie og eit utval tekstar.
  • NO104N: Tekst og kultur gir innføring i den litterære produksjonen i tre ulike periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.

Studentane tek eksamen i kvart emne. For å få godkjent studiet som årsstudium må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive arbeidskrav og eksamensoppgåver i to av emna på bokmål og i to av emna på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvara blir det lagt vekt både på fagleg og språkleg dugleik.

Norsk (nordisk) - årsstudium (nettstudium, deltid)
Navn: 
Norsk (nordisk) - årsstudium (nettstudium, deltid)
Emne2025 Haust2026 Vår2026 Haust2027 Vår
Heiltidsstudenten vel to emne i kvart semester, deltidsstudenten vel eitt emne i kvart semester
15151515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Praksis

Det er ikkje knytt praksis til studiet.

Ansvarleg
Brage Egil Herlofsen