Fordjupingsstudium Vidareutdanning (bachelornivå)

Barn, natur og friluftsliv

I studiet skal du få kunnskap og erfaring med barn sine aktivitetar i ulike naturmiljø til ulike årstider. Det er fokus på fysisk aktivitet, friluftsliv, naturkjennskap og korleis ein kan bruke uteområdet og nærområdet til barnehagen gjennom heile året. Utdanninga bygger på Rammeplan for barnehagen (2023).

Student leikar saman med barn i barnehagen.
Start:
Haust
Omfang:
Heiltid
Studiepoeng:
30,0
Varigheit:
1 semester
Studietype:
Fordjupingsstudium Vidareutdanning (bachelornivå)
Søknadsperiode:
01.02.2024

Løpande opptak til studiet er fullteikna.

Du får praksis i barnehage og fleire turar ut i naturen med og utan overnatting, inklusiv kystkurs på Yksnøya med overnatting i telt. Studiet gir deg viktig og etterspurd kompetanse om mellom anna å gjere fagdidaktiske vurderingar knytt til planlegging og gjennomføring av frie og organiserte uteaktivitetar for barn.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (barnehagelærar, førskulelærar, pedagogisk leiar eller tilsvarande).

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det vert nytta arbeidsformer som førelesingar, feltarbeid, prosjekt- og gruppearbeid, samt eigne studiar. Undervisninga er organisert i bolkar. Store delar av undervisninga går føre seg ute, der ein tek i bruk nærmiljøet rundt høgskulen og område lenger unna. 

Studentane får praksis i barnehage og fleire turar ut i naturen med og utan overnatting, inklusiv kystkurs på Yksnøya med overnatting i telt.

All undervisning er obligatorisk. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær. Dersom det ikkje er råd for studentane å møte på ei av samlingane vil arbeidskrav/kompensatorisk arbeid knytt til desse verte gjennomført i Volda.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir deg viktig og etterspurd kompetanse om mellom anna å gjere fagdidaktiske vurderingar knytt til planlegging og gjennomføring av frie og organiserte uteaktivitetar for barn i barnehagen sitt nærområde.