Fordjupingsstudium
Engelsk
Fordjupingsstudiet i engelsk gir høve til konsentrasjon om eitt eller få avgrensa område innanfor engelskfaget. Det blir tilbode undervising innanfor eit utval språklege og litterære emne.
- Start:
- Haust Vår
- Omfang:
- Deltid Heiltid
- Studiepoeng:
- 30,0
- Varigheit:
- 2 semester (1 år)
- Studietype:
- Fordjupingsstudium
- Søk frå:
- 01.02.2025
Studiet har løpande opptak.
Både i privat og offentleg sektor er det etterspurnad etter arbeidstakarar med gode språkkunnskapar, evne til kritisk tenking og til å konstruere og tolke avanserte tekstar.
Fordjupingsstudiet i engelsk gir høve til konsentrasjon om eitt eller få avgrensa område innanfor engelskfaget. Det blir tilbode undervising innanfor eit utval språklege og litterære emne.
Studiet kan godskrivast i Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.
Studieinnhald
Studentane skal opparbeide kompetanse i:
- eitt eller to utvalde fagfelt innanfor engelsk språk og/eller litteratur
- viktige teoriar og problemstillingar innanfor fagfeltet
- kritisk tolking og drøfting av språklege/litterære uttrykk kritisk tolking og drøfting av teoretiske tilnærmingar til språk og/eller litteratur
- akademisk, munnleg presentasjon av fagstoff på engelsk
- skriving av sjølvstendige, faglege tekstar på engelsk
Opptakskrav
60 stp engelsk, årsstudium eller tilsvarande
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er organisert i ein kombinasjon av plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid.
Det blir undervist i eitt emne på 15 studiepoeng kvart semester. Språklege emne om hausten og litterære om våren. Oppgåvemnet bygger på eit undervist emne. Studentar kan ta begge same semester, eller dei kan ta oppgåvemnet etter det underviste emnet.
Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Både i privat og offentleg sektor er det etterspurnad etter arbeidstakarar med gode språkkunnskapar.
Studiet kan godskrivast i Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.
Pensum
Pensumlister finner du her
Studieplan
Engelsk - fordjupingsstudium
Engelsk fordjupingsstudium gir høve til konsentrasjon om eitt eller få avgrensa område innanfor engelskfaget. Studiet kan utgjere fordjupingskomponenten i ulike bachelorgrader, t.d. bachelorgrad i språk og litteratur ved HVO, og kan nyttast som grunnlag for masterstudium ved universitet eller høgskular (som til dømes master i skriftkulturar ved HVO). Studiet gir også relevant kompetanse for engelsklærarar i skulen, saman med lærarutdanning eller PPU. Opptak til PPU krev at kandidaten har fullført mastergrad.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført program:
Etter fullført program har studenten kunnskap om:
- eitt eller to utvalde fagfelt innanfor engelsk språk og/eller litteratur, kultur og samfunn
- viktige teoriar og problemstillingar innanfor fagfeltet.
Etter fullført program kan studenten:
- tolke språklege/litterære uttrykk på ein kritisk måte og sette dei inn i ein teoretisk samanheng
- gi ein akademisk, munnleg presentasjon av fagstoff på engelsk
- skrive sjølvstendige, faglege tekstar på engelsk
- drøfte teoretiske tilnærmingar til språk og/eller litteratur
Etter fullført program kan studenten:
- gå i djupna på eit fagfelt innan engelskfaget
- arbeide på ein sjølvstendig måte
Programmet består av to underviste forjupingsemne, kvart på 15 stp: eitt i språk (ENG207) og eitt i litteratur, kultur og samfunn (ENG203). Studentane kan alternativt kombinere eitt av dei underviste emna med ei bacheloroppgåve (ENG211/ENG213). Det blir undervist i eitt emne kvart semester: språkemnet i haustsemesteret og kulturemnet i vårsemesteret. Bacheloroppgåva bygger på eitt av dei underviste emna (ENG211 bygger på ENG207 medan ENG213 bygger på ENG203). Studentar kan ta både fordjupingsemnet og skrive bacheloroppgåva same semesteret, eller dei kan skrive bacheloroppgåva etter det underviste fordjupingsemnet. Vår generelle tilråding er at studentar fullfører det underviste emnet før dei tek til på bacheloroppgåva.
Undervisinga skjer i form av førelesingar, gruppearbeid og individuell rettleiing.
Emne | 2025 Vår | 2025 Haust |
---|---|---|
Vel eitt fordupingsemne saman med eit bacheloroppgåveemne. | 30 | 30 |
15 | ||
15 | ||
15 | 15 | |
15 | 15 | |
Sum (60 total) | 30 | 30 |
None