Engelsk
Årsstudium
Engelsk årstudium gir deg etterspurt kompetanse til jobbar i skule, reiseliv, administrasjon, forlag, og andre stader der det blir krevd gode engelskkunnskapar.
Du får grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på fordjupingsnivå, og kan godskrivast i Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.
- Heiltid
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 60 studiepoeng
- Start haust vårSøknadsperiode 01.11.2024 -
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Studieinnhald
I løpet av studietida skal du opparbeide deg kunnskapar i grammatikk, fonetikk og litteratur før og etter 1900-talet. Du lærer å bruke engelsk sikkert og funksjonelt, både skriftleg og munnleg. I tillegg får du erfaring med å identifisere og analysere språkstrukturar, eldre og nyare engelskspråkleg litteratur og samfunnsstilhøve, hovudsakleg frå britisk og amerikansk område.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga varierer mellom forelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Du får også delta på eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York i England.
Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Engelsk årstudium gir deg etterspurt kompetanse til jobbar i skule, reiseliv, administrasjon, forlag, og andre stader der det blir krevd gode engelskkunnskapar.
Årsstudiet kan inngå som del av Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda eller i andre bachelorgrader etter søknad.
Studieplan
Engelsk - årsstudium
Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda. Det er morsmål for om lag 400 millionar menneske og eit viktig andrespråk for mange fleire. Engelsk årsstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kultur. I språkemna vil studentane tileigne seg god forståing av grammatikk, leksikologi, fonetikk og variantar av engelsk, og dei vil lære å bruke denne kunnskapen, skriftleg og munnleg, i ulike situasjonar. Studentane får utvikle språkkunnskapane sine vidare i litteratur- og kulturemna. Gjennom møte med ulike tekstar, både munnlege og skriftlege, får studentane utvide det engelske vokabularet sitt og tileigne seg den kulturelle kunnskapen dei treng for å bruke språket korrekt i ulike kontekstar. Dei vil i tillegg få kunnskapen og ferdigheitene dei treng får å forstå den historiske utviklinga av litteraturen, kulturen og samfunnet i den engelskspråklege verda fram til i dag.
Programmet kvalifiserer for vidare studium og kan nyttast i eit mangfald av karrierar. Etter fullført studium, kan studentane gå vidare til eit bachelorprogram og deretter eit masterprogram, som til dømes bachelorgraden i språk og litteratur og mastergraden i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda. For studentar som allereie har ein mastergrad, vil årsstudiet kvalifisere til arbeid som engelsklærar i skulen, i kombinasjon med PPU (praktisk-pedagogisk utdanning). Studiet vil også førebu studentane til arbeid som krev gode kunnskapar i skriftleg og munnleg engelsk, gode kommunikasjonsferdigheiter, kunnskap om litteratur og kultur, kritisk tenking, og evne til å analysere og presentere kompleks informasjon. Slike ferdigheiter er sentrale innan til dømes omsetjing, museums- og bibliotekarbeid, anna kulturarbeid, og journalistikk. Nokre av arbeidskrava på programmet vil vere relevante for arbeidslivet.
Ein rår til at studentar som vel å ta årsstudiet i engelsk allereie har gode skriftlege og munnlege engelskferdigheiter, og dei må vere budde på å lese eit stort utval eldre og moderne tekstar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten:
- har kunnskap om engelsk grammatikk, leksikologi, fonetikk og ulike skriftlege og munnlege variantar
- har kunnskap om strukturarar og funksjonar i det engelsk språket
- har kunnskap om kultur, litteratur og samfunn i den engelskspråklege verda
- har kunnskap om akademisk skriving og kjeldebruk
- har kunnskap om den stilistiske og kulturelle konvensjonane som påverkar språkbruk i ulike situasjonar
- har kunnskap om digitale ressursar som er relevante for engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn
Studenten:
- kan identifisere og analysere språkstrukturar i engelsk knytt til grammatikk, leksikologi, fonetikk og variantar
- kan analysere og diskutere litteraturen, kulturen og samfunnet i den engelskspråklege verda
- kan bruke engelsk på ein korrekt og kommunikativ måte, både i skrift og tale
- kan bruke digitale ressursar som er relevante for engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn
Studenten:
- kan halde fram med å utvikle kunnskapane sine om engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn, anten gjennom vidare studium eller andre situasjonar
- kan bruke kunnskapane sine om engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn, både i arbeid og fritid
Programmet består av to emne på 15 studiepoeng kvart semester, eitt i språk og eitt i litteratur, kultur og samfunn. Studentane kan starte på programmet anten i haustsemesteret eller i vårsemesteret.
Det vert lagt opp til klasseromsundervisning, gruppearbeid og sjølvstudium kvar veke. Det er krav om obligatorisk oppmøte på kvart av emna. For å kunne gå opp til eksamen, må studentane møte til og delta aktivt på minimum 75 % av all timeplanlagt undervisning. Dei må også levere og få godkjent dei obligatoriske arbeidskrava på kvart av emna.
Emne | 2024 Haust | 2025 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Det er ikkje praksis i dette studiet.
Det er lagt opp til eit obligatorisk to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York, knytt til emnet ENG144 Litteratur, kultur og samfunn før 1900 i vårsemesteret. Studentar som ikkje har høve til å delta på turen, må formelt søkje om fritak. Dei vil i staden måtte utføre eit alternativt arbeidskrav der tema og type oppgåve blir bestemt av emneansvarleg.
- Heiltid
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 60 studiepoeng
- Start haust vårSøknadsperiode 01.11.2024 -
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Søknadskode : 4168