Årsstudium
Engelsk
Engelsk årstudium gir deg etterspurd kompetanse til jobbar i skule, reiseliv, administrasjon, forlag, og andre stadar der det blir krevd gode engelskkunnskapar.
- Start:
- Haust Vår
- Omfang:
- Deltid Nettstudium
- Studiepoeng:
- 60,0
- Varigheit:
- 4 semester (2 år)
- Studietype:
- Årsstudium
- Søknadsperiode:
- 01.11.2024
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
Årsstudiet gir deg etterspurt kompetanse til jobbar i skule, reiseliv, administrasjon, forlag, og andre stadar der det blir krevd gode engelskkkunnskapar
Du får ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap.
Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på fordjupingsnivå, og kan godskrivast i Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og minimum karakteren 4 i fellesfag engelsk. Eventuelt engelsk fordjuping på vidaregåande skule, eller engelsk i høgre utdanning på minimum 15 stp.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga blir gitt gjennom nettleksjonar og oppgåveskriving med rettleiing. Endeleg vurdering skjer ved individuell skriftleg eksamen på nett. Det er høve til å delta i campus-studiet sitt to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York.
Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Årsstudiet gir deg etterspurt kompetanse til jobbar i skule, reiseliv, administrasjon, forlag, og andre stadar der det blir krevd gode engelskkkunnskapar
Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på fordjupingsnivå.
Oppstart
ENG141N Grammar and Lexicology
You can find the complete reading list for this course here. You are expected to acquire all three books that appear under "obligatory reading."
If you would like to get ahead with your reading, we recommend you start with chapters 1, 2, 3, 5 and 6 of the book Jackson, H. and Zé Amvela, E. (2022). An Introduction to English Lexicology: Words, Meaning and Vocabulary (3rd edition). London: Bloomsbury Academic.
Teaching on this course will begin in Week 34. There will be an online webinar that will provide an overview of the course on Wednesday 21 August from 13.30-15.30
There are two obligatory assignments. The first will be posted on Friday 20 September with a due date of Friday 27 September. The second will be posted on Friday 25 October with a due date of Friday 1 November.
The exam will take place on Friday 22 November.
You should register for and read all the information provided on Canvas before teaching begins.
ENG142N Literature, Culture and Society after 1900
You can find the complete reading list for this course here. You are expected to acquire five books and one film:
- Chinua Achebe Things Fall Apart [novel]
- Ali Smith Autumn [novel]
- Art Spiegelman Maus [graphic novel]
- Orson Welles Citizen Kane [film]
- Tennessee Williams The Glass Menagerie [theatre play]
- Robert Young Postcolonialism: A Very Short Introduction [academic study]
If you would like to get ahead with your reading, we recommend you begin with Art Spiegelman's Maus and one or both of the two novels.
Lessons will be posted on Mondays at 9am throughout the semester. These lessons will be available for you to access at whatever time suits you best. The first of these lessons will be posted on Monday 19 August.
There will also be 5 non-obligatory live seminars offered during the semester. These will take place on selected Thursdays and run from 15.00 to 16.30. The first of these will take place in week 35, on Thursday 29 August.
There are three obligatory assignments. The first of these will be posted at the very start of the semester, although it does not need to be completed until Monday 4 November. The second will be posted on Monday 9 September with a due date of Monday 16 September, while the third will be posted on Monday 30 September with a due date of Monday 14 October.
The exam will take place on Wednesday 4 December. Topics for one part of that exam (the literature essay) will be set a week earlier on Wednesday 27 November.
You should register for and read all the information provided on Canvas before teaching begins.
Pensum
Syllabus for the course starting in the autumn of 2022 can be found here
Studieplan
Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid)
Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda. Det er morsmål for om lag 400 millionar menneske og eit viktig andrespråk for mange fleire. Engelsk nettstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kultur. I språkemna vil studentane tileigne seg god forståing av grammatikk, leksikologi, fonetikk og variantar av engelsk, og dei vil lære å bruke denne kunnskapen, skriftleg og munnleg, i ulike situasjonar. Studentane får utvikle språkkunnskapane sine vidare i litteratur- og kulturemna. Gjennom møte med ulike tekstar, både munnlege og skriftlege, får studentane utvide det engelske vokabularet sitt og tileigne seg den kulturelle kunnskapen dei treng for å bruke språket korrekt i ulike kontekstar. Dei vil i tillegg få kunnskapen og ferdigheitene dei treng får å forstå den historiske utviklinga av litteraturen, kulturen og samfunnet i den engelskspråklege verda fram til i dag.
Programmet kvalifiserer for vidare studium og kan nyttast i eit mangfald av karrierar. Etter fullført studium, kan studentane gå vidare til eit bachelorprogram og deretter eit masterprogram, som til dømes bachelorgraden i språk og litteratur og mastergraden i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda. For studentar som allereie har ein mastergrad, vil årsstudiet kvalifisere til arbeid som engelsklærar i skulen, i kombinasjon med PPU (praktisk-pedagogisk utdanning). Studiet vil også førebu studentane til arbeid som krev gode kunnskapar i skriftleg og munnleg engelsk, gode kommunikasjonsferdigheiter, kunnskap om litteratur og kultur, kritisk tenking, og evne til å analysere og presentere kompleks informasjon. Slike ferdigheiter er sentrale innan til dømes omsetjing, museums- og bibliotekarbeid, anna kulturarbeid, og journalistikk. Nokre av arbeidskrava på programmet vil vere relevante for arbeidslivet.
Ein rår til at studentar som vel å ta nettstudiet i engelsk allereie har gode skriftlege og munnlege engelskferdigheiter, og dei må vere budde på å lese eit stort utval eldre og moderne tekstar.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram.
Studenten:
- har kunnskap om engelsk grammatikk, leksikologi, fonetikk og ulike skriftlege og munnlege variantar
- har kunnskap om strukturarar og funksjonar i det engelsk språket
- har kunnskap om kultur, litteratur og samfunn i den engelskspråklege verda
- har kunnskap om akademisk skriving og kjeldebruk
- har kunnskap om den stilistiske og kulturelle konvensjonane som påverkar språkbruk i ulilke situasjonar
- har kunnskap om digitale ressursar som er relevante for engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn
Studenten:
- kan identifisere og analysere språkstrukturar i engelsk knytt til grammatikk, leksikologi, fonetikk og variantar
- kan analysere og diskutere litteraturen, kulturen og samfunnet i den engelskspråklege verda
- kan bruke engelsk på ein korrekt og kommunikativ måte, både i skrift og tale
- kan bruke digitale ressursar som er relevante for engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn
Studenten:
- kan halde fram med å utvikle kunnskapane sine om engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn, anten gjennom vidare studium eller andre situasjonar
- kan bruke kunnskapane sine om engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn, både i arbeid og fritid
Programmet består av eitt emne på 15 studiepoeng kvart semester, anten i språk eller i litteratur, kultur og samfunn. Studentane kan starte på programmet anten i haustsemesteret eller i vårsemesteret.
Undervisninga går føre seg på nett, på læringsplattforma Canvas. Leksjonane vert lagt ut ein til to gongar i veka og studenten kan studere dei ved høve. Kvar leksjon tek føre seg eit spesifikt tema og kombinerer tekst, bilete, lyd og video, samt diskusjonsforum. Det vert også lagt opp til nokre liveseminar.
For å kunne gå opp til eksamen, må studenten levere og få godkjent dei obligatoriske arbeidskrava på kvart av emna.
Emne | 2025 Vår | 2025 Haust | 2026 Vår | 2026 Haust |
---|---|---|---|---|
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgong til godt tekninsk utstyr, inkludert datamikrofon og web-kamera.
Det er ikkje praksis i dette studiet.
Det er høve til å delta i det campusbaserte årsstudiet sitt to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York, dette med atterhald om ledige plassar. Studieopphaldet er knytt til emnet ENG144N Litteratur, kultur og samfunn før 1900 i det eine vårsemesteret.Ta kontakt med programansvarleg innan utgangen av november om dette er av interesse.