Semestre
- 2026 Vår
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
ENG141 Grammatikk og leksikologi
Ingen
Emnet gir ei grunnleggande innføring i engelsk grammatikk og leksikologi, med vekt på syntaks, morfologi, vokabular og samanhengar/relasjonar mellom grammatikk og meining på engelsk. Studentane lærer å identifisere, analysere og beskrive strukturen i det engelske språket, og får innsikt i korleis grammatikk bidreg til meining. Kunnskapen tilegnet i dette emnet er anvendelig innenfor ulike arbeidsfelt som undervisning, kulturarbeid, media, forvaltning og reiseliv.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om engelsk syntaks
- har kunnskap om tilhøvet mellom form og meining i engelsk grammatikk
- har kunnskap om sentrale omgrep innanfor leksikologi, etymologi og orddanning i det engelsk språket
- har kunnskap om engelske ordbøker og andre relevante digitale språklæringsressursar
Studenten:
- kan identifisere og analysere språkelement på ulike nivå i engelsk
- kan reflektere over effekten av ulike grammatiske strukturar
- kan vere i stand til å bruke kunnskapen sin om engelsk grammatikk til å forbetre eigen språkbruk
- kan analysere og diskutere bruken av ord i engelsk, og korleis dei relaterer til tyding og stilnivå
- kan bruke engelske ordbøker og andre relevante digitale språklæringsressursar
Studenten:
- kan bruke grammatisk korrekt engelsk i praktiske situasjonar
- kan bruke språklege kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig, reflekterande og kritisk måte
- kan bruke passende terminologi for å analysere, beskrive og tolke strukturen til engelske tekster
- kan bruke kunnskap tilegnet til å skrive tekster på engelsk med forståelse for deres struktur
Det vert lagt opp til undervisning kvar veke. Den skjer i form av førelesingar, øvingar, par/gruppearbeid og individuelt arbeid.
For å kunne gå opp til eksamen må studenten:
1. Delta på minimum 75% av all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Studentane må delta aktivt i munnlege oppgåver og diskusjonar.
2. Levere og få godkjent tre arbeidskrav - eitt gruppearbeid og to individuelle arbeid - innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart. Strukturen på desse arbeidskrava blir kunngjort ved semesterstart. Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis to arbeidsdagar).
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Engelsk - årsstudium
- Engelsk - årsstudium (deltid)
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |