Fordjupingsstudium Vidareutdanning (bachelornivå)
Ensembleleiing
Studiet gir praktisk-teoretisk innføring i dirigering og leiing av kor og andre typar ensemble.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid
- Studiepoeng:
- 15,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Fordjupingsstudium Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søk frå:
- 01.02.2024
Studiet har løpande opptak.
Gjennom observasjon, utprøving og rettleiing i utøvingssituasjonar vil du få innsikt i dirigenten sine ulike roller. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: innstuderingsmetodikk, kroppspråk, teknikk og uttrykk, instrumental- og vokalkunnskap, gehørtrening, repertoarkunnskap og partiturstudium.
Studiet rettar seg inn mot verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og 60 stp i musikk.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet vekslar mellom teoretisk arbeid, observasjon av ensembleleiing i ulike samanhengar, og praktisk øving. Det blir undervist både i gruppe og som individuell rettleiing, mellom anna på grunnlag av videoopptak frå arbeid med praksisensemble.
Faget set store krav til eige studiearbeid, individuelt og i gruppe.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet rettar seg inn mot verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.