Årsstudium

Musikk

Årsstudium i musikk gir deg eit godt grunnlag for eit yrke innanfor skule- og kultursektoren, til dømes lærar, musikar, låtskrivar, produsent eller arrangør

Musikkstudent
Start:
Haust
Omfang:
Heiltid
Studiepoeng:
60,0
Varigheit:
2 semester (1 år)
Studietype:
Årsstudium

Årsstudium i musikk gir deg eit godt grunnlag for eit yrke innanfor skule- og kultursektoren, til dømes lærar, musikar, låtskrivar, produsent eller arrangør.

Du får ta del i eit aktivt og rikt musikkmiljø. Høgskulen har eige kor og symfoniorkester, profesjonelt musikkstudio og gode øvingslokale. 

Studiet er identisk med første året i Bachelor i musikk ved Høgskulen i Volda. Du kan difor velge å studere vidare og fullføre bachelorgraden.

Følg oss på facebook og instagram!

Innblikk i studiekvardagen

Among colors
Store band har stått på scena i Studenthuset Rokken og kjent på den intense responsen frå eit kontaktsøkande publikum. Studentbandet Among Colors stengde dørene og slo på kamera.
Vis mer

Store band har stått på scena i Studenthuset Rokken og kjent på den intense responsen frå eit kontaktsøkande publikum. Studentbandet Among Colors stengde dørene og slo på kamera.

Dei var dei første til å bli livestreama frå Rokken, utan publikum. Among Colors føretrekkjer likevel å få respons frå salen. Preben Dale (vokal/el-gitar/synth), Timmy Aass (el-gitar/vokal/synth), Magnus Magnússon (bass/vokal), Magnus Solheim (trommer) og Marius Jørgenstuen (el-piano/synth/vokal) utgjer Among Colors. Bandnamnet oppstod relativt tilfeldig i eit samarbeid mellom Preben og namngeneratoren Bandnamemaker.com. – Eg trykte oppdater fleire gonger før eg fekk alternativet «Among». Det likte eg ganske godt, og så kom eg med forskjellige forslag til kva som kunne passe med det. Timmy likte Among Colors, så då blei det det. Noko må ein jo heite, seier Preben lattermildt. 

Inspirerande studium 

Med unntak av Magnus Magnússon, som studerer engelsk, går alle i bandet på musikkutdanninga.
– På studiet møter ein folk frå heile landet med forskjellig bakgrunn og erfaringar frå musikkmiljøet. Utveksling av kunnskap og erfaring gjer det til eit inspirerande studium. Fasilitetane har forbetra seg mykje med den nye konsertsalen som opna i februar, og med musikktech-labben som no har fått ny programvare med Pro Tools, som er bransjestandarden.

Musikk og teater og drama-studiar i Volda ga Kato Adolfsen en fagleg kombinasjon han nyt godt av når han til dagleg arbeider ved Norges mest anerkjende teater.
Vis mer

0131bb3b439845b1745b6c932c581ead

På scena leverast noko av det fremste ein kan sjå av teateroppstillingar i Norge, og ein av dei som er med på å sørge for det er Kato Adolfsen. Det er ikkje sikkert du ser han om du besøker Nationaltheatret – i alle fall ikkje på scena. For den tidlegare Volda-studenten sit over publikum i den ærverdige salen og styrer lyset frå eit rom fullt av teknisk utstyr. Lysbordoperatør er Adolfsens tittel.

– Det er ein veldig artig jobb. Eg arbeider saman med mykje flinke folk, både skodespelarar, teknikarar og leiinga. Vi er over 250 tilsette og berre i lysavdelinga er vi over 10 tilsette, fortel Adolfsen.

Kunnskap frå både skule og fritid

Musikk har alltid stått hjartet hans nært, og etter eit år med rockemusikk på folkehøgskule søkte han seg til bachelorutdanninga i musikk ved Høgskulen i Volda. – Det viste seg å vere eit svært godt val, ikkje minst på grunn av studentmiljøet i Volda. Det var utruleg godt.

Etter tre år med musikk kasta trønderen seg på teater og drama-fag som han studerte i eitt og eit halvt år. Den koplinga av fag skulle vise seg å vere ein genistrek for Adolfsen.

– Fagleg sett lærte eg mykje i Volda. Det er nok kombinasjonen av å ha teke både musikk og teater og drama som har gitt meg mest. Eg forsto meir av musikkfaget etter å ha gått teater og drama, dei to kunstartane glir inn i kvarandre. Eg ser eigenarten til begge, men også korleis ein kan kople dei i hop.

Den kunnskapen fekk han også bruk for i ein del av sitt frivillige arbeid i Volda. Allereie første uka han var student tok han til å arbeide som teknikar på Studenthuset Rokken. Etter to år vart han teknisk ansvarleg på studenthuset, eit verv han hadde i tre år. I tillegg var Adolfsen aktiv i Studenttinget og fekk også utfolde seg både på scena som skodespelar og bak scena som teknikkar i studentrevy.

– Det var eit viktig supplement til utdanninga, og eg synest det var greitt å få den reint praktiske erfaringa utanfor skulen. Nøkkelen til at det fungerte godt for meg var at eg kunne knyte det arbeidet eg gjorde frivillig opp mot det eg lærte på skulen.

Høgt oppe på stigen

Med fullført utdanning i studiebygda fekk han seg eit vikariat som teknikar på Oslo Nye Teater. Deretter vende han snuten tilbake til Sunnmøre, og no Ålesund og Parken kulturhus. Der tok han til som teknisk leiar for lys. Da med ansvar for lysproduksjon til alle framsyningar. Det vart to og eit halvt år med mykje ansvar som Adolfsen set pris på i ettertid. Men han ønskja seg vidare, og dei nye utfordringane han søkte fekk han på Nationaltheatret. Enn så lenge arbeider han i eit årsvikariat, som han håper å få forlenga.

5c55a5f5560958b1417468df4113c743
Frå dette rommet styrer Kato Adolfsen alt av lys til scena i Nationaltheatret.

– Eg hadde aldri vore inne på Nationaltheatret tidlegare, og då ek kom inn til intervju verka det som ein uoppnåeleg plass å få jobb. Men det gjekk bra og det er eg svært glad for. Det er ein draumejobb som eg har lyst til å halde fram i. På dagvaktene programmerer eg lysoppsettingane for framsyningane på scena og er med på prøvene, medan kveldsvaktene går med til å styre lyset. Dette er en arbeidsplass som er høgt oppe på stigen for meg, fortel Adolfsen som brenn for yrket sitt.

For lysa vert ikkje slått av han når han er ferdig med arbeidsdagen i det ærverdige bygget midt i Oslo sentrum. Då bruker han gjerne fritida til å arbeide med lysdesign og tek på seg frilansoppdrag. – Ja, så artig synest eg dette er, smiler Adolfsen.

Idol-Jørn
Bare noen få år etter at Jørn Trollebø Kvalheim turte å stå utenfor dusjen og synge, gikk en drøm i oppfyllelse. Volda-studenten kom på andreplass i Idol 2014.
Vis mer

Bare noen få år etter at Jørn Trollebø Kvalheim turte å stå utenfor dusjen og synge, gikk en drøm i oppfyllelse. Volda-studenten kom på andreplass i Idol 2014.
Musikk har alltid vært viktig for Jørn, og valte derfor å gå en bachelor i Musikk ved Høgskulen i Volda.
– Interessen fikk jeg da jeg var liten og mamma spilte musikk for meg. Jeg hørte på og sang med. I oppveksten har jeg blant annet spilt i skolekorps, vært aktiv på kulturskolen og spilt trommer i et band.

Scene-erfaring fra Volda 

Etter videregående var det en selvfølge at han skulle fortsette med musikk, og valget ble Høgskulen i Volda.
– I Volda har jeg utviklet meg innen musikk. Studiestedet har gitt meg nye innspill, og musikk­studiet har lært meg mye.
Jørn trekker spesielt frem Volda og høgskolen som et fint sted å få scene-erfaring.
– Gjennom undervisningen har jeg fått mange tips om hvordan man skal stå og prestere på en scene. I Volda har man også en unik mulighet til å kunne spille foran et stort publikum på Studenthuset Rokken. Hver måned arrangerer de Open Mic, der det bare er å møte opp og opptre med det du kan. Denne erfaringen har han hatt mye bruk for i Idol, legger han til.

Voldas beste jobb - Kristina Juul Jørgensen opptrer
Rokken er mer enn bare et utested for mange studenter. Noen bruker Rokken som samlingspunkt, noen er mest opptatt av konsertscenen, og for noen er Rokken en arbeidsplass. Musikkstudent Kristina Juul Jørgensen tilhører alle kategoriene.
Vis mer

Rokken er mer enn bare et utested for mange studenter. Noen bruker Rokken som samlingspunkt, noen er mest opptatt av konsertscenen, og for noen er Rokken en arbeidsplass. Musikkstudent Kristina Juul Jørgensen tilhører alle kategoriene.

– Jeg jobbet i den tekniske avdelingen i to år og jeg har også vært revysjef tidligere, men nå har jeg jobben som bookingansvarlig og artistkontakt.

Underliggende musikkinteresse 

Jørgensen er én av to bookingansvarlige, en jobb som innebærer ansvaret for å hyre inn artister til Rokken. Og når Lars Vaular, Susanne Sunnfør eller Karpe Diem ankommer bygda, har hun også ansvaret for å ta vare på dem og sørge for at de har det de trenger. Det er med andre ord en jobb mange nok misunner henne.

– Den underliggende musikkinteressen min gjør jobben kulere, men også mer ut­for­drende. Man må finne en balanse mellom hva man selv liker og hva man tror publikum vil like. Som artistkontakt må man også være førstemann til å hilse på artistene, noe som kan være skummelt i starten. Men de fleste av artistene er vanlige, jordnære folk. Artister er nesten for vanlige.

Studieinnhald

Årsstudium i musikk gir deg grunnleggande kunnskapar innanfor musikkteori, høyrelære, musikkhistorie og spel på hovudinstrument og bruksklaver. Framføringspraksis er ein viktig del,av studiet, og du skal lære korleis du kan formidle musikk på varierte måtar. Som student skal du gjennom praktisk erfaring, utvikle god fagleg innsikt og evne til didaktisk og yrkesetisk refleksjon.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Ved Årsstudium i musikk får du ein variert kvardag. Undervisninga vekslar mellom førelesing, verkstadarbeid og arbeid i grupper eller individuelt. Studietur til Ole Bull-akademiet på Voss inngår i studiet. Du skal gjennomføre kurs i folkemusikk og ei veke med musikkdidaktisk praksis i grunnskulen.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudium i musikk er identisk med første året i Bachelor i musikk ved Høgskulen i Volda. Du kan difor velge å studere vidare og fullføre bachelorgraden. Gjennom årsstudiet får du eit godt grunnlag for eit yrke innanfor skule- og kultursektoren, til dømes lærar, musikar, låtskrivar, produsent eller arrangør. 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Offisiell opning for studieåret 2024/2025 ved Høgskulen i Volda er 20.august kl 11:00, sjå nyhendebrev frå Høgskulen i Volda. Programvis opning for Bachelor i musikk og Årsstudium i musikk er same dag kl 12:30 i Konsertsalen (Henrik Kaarstad-huset, underetasje).

Pensum

Pensumlister til emna som starter hausten 2022: MUS101 og MUS102

Studieplan

Musikk - årsstudium

Studieprogram: 
Musikk - årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Årsstudium
Opptakskrav

Generell studiekompetanse. 

Om studiet

Årsstudium i musikk er eit studium som gir eit praktisk og teoretisk grunnlag for å kunne arbeide med musikk gjennom samspel, musikkformidling, musikkteori- og historie, arrangering, komponering og bruk av musikkteknologi. 

Studiet gir grunnleggande kompetanse for arbeid innan eit variert spekter av arbeidsplassar som kultursektoren, grunnskulen, kulturskulen, SFO og privat næring. 

Årsstudiet er identisk med første året i bachelor i musikk ved Høgskulen i Volda og gir grunnlag for vidare studium i musikk. Det kan også vera ei vidareutdanning for både lærarar og barnehagelærarar eller inngå i ein fritt samansett bachelorgrad. 

Det er tilrådd at studenten har noko vokal eller instrumental erfaring. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgande læringsutbytte etter fullført studieprogram:  

Kunnskapar

Kandidaten

  • har oppdatert kunnskap om musikk i ein brei fagleg kontekst, og kjenner til musikk og musikkfaget si historie og tradisjonar
  • har kunnskap om praktisk musikkteori og arrangering, og om komponering ved hjelp av musikkteknologi
  • har kunnskap om PA og mikrofonteknikk for utøvings- og innspelingssituasjonar
  • kjenner til sentrale musikkpedagogiske metodar og prosessar på ulike nivå
  • kjenner til aktuelle fag- og læreplanar knytt til musikkfaget i grunnskulen
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan formidle musikk og sentralt fagstoff i musikkfaget på varierte måtar
  • kan bruke eit valt fordjupingsinstrument og aktuelle bandinstrument i ulike framføringssituasjonar, og reflektere over eigne ferdigheiter
  • kan bruke relevant teknologisk utstyr og programvare i utøving og komponering
  • kan arrangere og tilpasse musikalsk materiale for ulike målgrupper
  • kan planlegge og leie musikkfagleg aktivitet åleine og i samarbeid med andre, og grunngje faglege val
Generell kompetanse

Kandidaten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar 
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre
  • kjenner til relevant forsking- og utviklingsarbeid i faget
Organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, praktisk skapande arbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det blir nytta varierte læringsformer som prosjekt- og seminararbeid, omvendt undervising, samspel, og gruppediskusjonar.

Studenten får innsikt i relevante arbeidsoppgåver retta mot ulike kulturfelt, gjennom utformelle praksisavtalar, ekskursjonar og eksterne forelesingar. 

Vurderingsformene inkluderer skriftleg og praktisk arbeid, heimeeksamen og skuleeksamen. 

Musikk - årsstudium
Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Studiet har praksisprosjekt og det skal leverast politiattest. 

Praksis

Inntil ei veke musikkdidaktisk praksis eller eit praktisk prosjekt i grunnskulen inngår i studiet. 

Anna
Eit kurs i folkemusikk er ein obligatorisk del av studiet. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del i obligatoriske kurs, må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med faglærar.
Ansvarleg
Stein Helge Solstad