Vidareutdanning (bachelornivå)
Ernæring og fysisk aktivitet
Fysisk aktivitet og ernæring er sentralt i både idrett, daglegliv og arbeid for å fremje folkehelse. Dette studiet gir deg rettleiingskompetanse i kosthald og ernæring i samband med fysisk aktivitet, idrettsprestasjonar, helse og vekt og dessutan trivsel knytt til mat.
- Start:
- Haust Vår
- Omfang:
- Deltid Nettstudium
- Studiepoeng:
- 15,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søknadsperiode:
- 01.11.2024
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
Studieinnhald
- Funksjon, omsetning, behov og utnytting av karbohydrat, protein og fett, behov og utnytting av ulike vitamina og minerala
- Nasjonale anbefalingar for inntak av dei ulike næringsstoffa og kosttilskot
- Diettar
- Kosthaldsinformasjon
Les meir om emnet her
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet er nettbasert, og bruker Canvas som læringsplattform. Det er er organisert i tre modular, med eitt individuelt arbeidskrav knytt til kvar modul. Modulane må vere godkjende før ein kan gå vidare til neste modul.
Modul 1: Grunnleggande ernæringslære
Modul 2: Helse og ernæring
Modul 3: Idrett og ernæring
Aktuelle yrke og vidare studium
Emnet gir etterspurt kompetanse innanfor ernæring og fysisk aktivitet. Det inngår i Bachelor i idrett og kroppsøving.
Pensum
Pensumlister finner du her