I dette årsstudiet får du grunnleggjande kunnskap knytt til trenar- og kroppsøvingslærarrolla og korleis ein kan legge til rette for læring i ulike praktiske disiplinar tilpassa ulik alder, modning, utviklingsnivå og føresetnader.
idrettshistorie, idrettssosiologi, psykologiske læringsklima og læring i idrettsgrupper knytt til kroppsøving og idrett
prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit, spenst og leddutslag for personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader
grunnleggjande prinsipp i bevegelseslære, mekaniske- og organiske forhold ved bevegelser
grunnleggjande kunnskap om barn og unge si læring og utvikling, både fysisk, psykisk og sosialt
Du får tilgang til gode fasilitetar som idrettshall, treningsbaner, treningsrom, testlaboratorium og sjølvsagt det finaste klasseromet i verda: Den praktfulle sunnmørsnaturen.
Årsstudium i idrett og kroppsøving tilsvarar fyrste året i bachelorgradstudiet i idrett og kroppsøving ved Høgskulen i Volda. Det kan også sjåast på som eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på å auke kompetansen i idrett og kroppsøving som kan nyttast innanfor idrett, frivillige organisasjonar og i den kommersielle treningsbransjen.
Velkomen til digitalt ope hus på Idrett! Du blir betre kjend med studentar og lærarar, og vi viser deg klipp frå frå studiekvardagen på campus og livet i studiebygda Volda. Her får du svar på ting du kanskje lurer på før du skal søke 15. april!
Vis mer
Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Det vert veksla mellom førelesingar, praktisk arbeid, gruppearbeid, eigentrening og ekskursjonar/kurs. Ein må rekne med utgifter til reiser og kurs og diverse turutstyr. Studentane skal anten gjennomføre skulepraksis eller instruksjonspraksis i idrettslag eller frivillige organisasjonar.
Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Årsstudiet i idrett og kroppsøving er særleg relevant for deg som ønskjer å arbeide i ulike skuleslag eller andre felt der det vert drive fysisk aktivitet, som til dømes i frivillig organisert og uorganisert idrett, i privat og offentleg verksemd.
Studiet kan godskrivast i Bachelor i idrett og kroppsøving ved Høgskulen i Volda, eller kan takast som vidareutdanning for lærarar.
Studieplan
Idrett og kroppsøving - årsstudium
Studieprogram:
Idrett og kroppsøving - årsstudium
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng:
60
Studielengd:
2 semester
Kull:
2025
Studieplassar:
20
Studietype:
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Om studiet
Årsstudium i idrett og kroppsøving tilsvarar fyrste året i bachelorgradstudiet i idrett og kroppsøving ved Høgskulen i Volda. Det kan også sjåast på som eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på å auke kompetansen i idrett og kroppsøving som kan nyttast innanfor idrett, frivillige organisasjonar og i den kommersielle treningsbransjen.
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonerammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Kunnskapar
Kandidaten
har grunnleggjande kunnskap knytt til trenar- og kroppsøvingslærarrolla
har innsikt i idrettshistorie, idrettssosiologi, psykologiske læringsklima og læring i idrettsgrupper knytt til kroppsøving og idrett
har kunnskap om prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit, spenst og leddutslag for personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader
har kunnskap om grunnleggjande prinsipp i bevegelseslære, mekaniske- og organiske forhold ved bevegelser
har grunnleggjande kunnskap om barn og unge si læring og utvikling, både fysisk, psykisk og sosialt
har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
har grunnleggjande kunnskap om korleis ein kan legge til rette for læring i ulike praktiske disiplinar tilpassa ulik alder, modning, utviklingsnivå og føresetnader
Ferdigheiter
Kandidaten
kan beherske grunnleggjande analysereiskap, teknikkar og uttrykksformer
har grunnleggjande kunnskap og ferdigheit i eit utval idrettar/aktivitetar
kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre, rettleie og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader
kan demonstrere og vurdere ulike bevegelsesløysingar og setje i verk tiltak for å fremje ei føremålstenleg bevegelsesutvikling som gir gode meistringsopplevingar
Generell kompetanse
Kandidaten
kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking og refleksjon over eigen praksis
presenterer problemstillingar, synspunkt og løysingar, både skriftleg, munnleg, digitalt og gjennom andre uttrykksformer
reflekterer over relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
formidlar og drøftar sentralt fagstoff
har innsikt i forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet
Organisering og arbeidsmåtar
Studiet legg opp til studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudium, deltaking og medansvar og vekslar mellom forelesing, seminar, digitalt læringsarbeid, gruppearbeid, individuelt arbeid, praksis, ekskursjonar og varierte aktivitetar i ulike rørslemiljø. Opplevingar, observasjonar og erfaringar ein får vil gje grunnlag for drøfting og refleksjon.
Canvas vert nytta som læringsplattform
Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng.
Det er ein føresetad at studentane er symjedyktige og er fysisk skikka til å vere aktivt deltakande på ulike aktivitetar både ute og inne til ulike årstider.
Krav om skikkavurdering og autorisasjon
Studiet har praksis, og det skal leverast politiattest.
Praksis
Studentar på årsstudium idrett skal gjennomføre praksis i skule, organisert idrett eller anna relevant praksis.
Kostnader
Kvart emne har ei materialavgift på 200 kr pr. semester som skal dekke bruk og slitasje på fellesutstyr.