Vidareutdanning (bachelornivå)
GIS og kartkunnskap i arealplanlegging
I dette emnet lærer du om geografiske informasjonssystem (GIS) som planverktøy. Du får også eit oversyn over arealplanlegging etter plan- og bygningslova, med vekt på rettsverknadane av arealplanar.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid
- Studiepoeng:
- 10,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søk frå:
- 01.02.2025
Studiet har løpande opptak.
Studieinnhald
Emnet gir kunnskap om geografiske informasjonssystem (GIS), geografiske data, kartografi og planrett. Studenten øver opp grunnleggande ferdigheiter i å hente inn og framstille geografiske data ved hjelp av eit GIS-verktøy og å arbeide fram enkle kart til publikasjon.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisinga i emnet går over eitt semester. Emnet kan gjennomførast anten som eit campusstudie og eller som eit nettstudium i læringsplattforma Canvas. Undervisinga er sett saman av nettleksjonar, labarbeid og andre studentaktive læringsformer. Det vert det gitt rettleiing i samband med øvingar og utarbeiding av arbeidskrav. Arbeidskrava utgjer mappeeksamen. Les meir om arbeidskrav, villkår for å framstille seg til eksamen og eksamen i emneplanen.
Aktuelle yrke og vidare studium
Emnet gir ein god basis for dei som skal arbeide med arealplanfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å studere vidare i eit planorientert masterstudium hos oss ved HVO eller ved annan institusjon.