Mastergrad
Samfunnsplanlegging og leiing
Studiet gir deg kunnskap om og forståing av samfunnsplanlegging og offentleg leiing som politisk styrte prosessar med sikte på heilskapleg og berekraftig utvikling.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Heiltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 120,0
- Varigheit:
- 8 semester (4 år)
- Studietype:
- Mastergrad
- Søk frå:
- 01.02.2025 - 15.04.2025
Eit samfunn i kontinuerleg omstilling stiller store krav til leiarar, både i offentleg og privat sektor. Masterstudiet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. I studiet vert det lagt vekt på å knyte teori og praksis saman, og til å stimulere studentane til å reflektere over det å vere planleggar og leiar.
Masterstudiet som deltidsstudium går vanlegvis over fire studieår. Ved særskild ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium. Kontakt i så fall studieadministrasjon etter opptak.
Studieinnhald
Det vert tatt utgangspunkt i at leiarar i offentleg sektor har eit stor samfunnsansvar og at planlegging er eit reiskap for utøving av slik leiarskap. Behova i samfunnet blir meir og meir samansette, og offentleg sektor må difor framstå som meir samordna. Saman med privat og frivillig sektor må offentleg sektor bidra til meir samhandling, og saman med brukarar/borgarar bidra til meir samskapte og tilpassa tenester. Gjennom studiet opparbeider du evne til å knyte saman kunnskap og handling i analysar og refleksjon. Du får eit djupare teoretisk fundament og ei meir kritisk forståing av metodar for leiing og planlegging i samfunn og organisasjonar.
Opptakskrav
1. Bachelorgrad i planlegging og administrasjon eller tilsvarande. Døme på tilsvarande utdanningar er bachelorprogram innanfor samfunnsplanlegging, arealplanlegging, administrasjon og leiing, statsvitskap, økonomi og administrasjon.
- For opptak etter punkt 1 er det krav om fordjuping i fag, emne eller emnegrupper av minimum 80 studiepoengs omfang, derav 20 studiepoeng på fordjupingsnivå eller
- Integrert yrkesretta utdanning av minimum 120 studiepoengs omfang innanfor fagområdet for mastergraden. Døme på slike utdanningar er barnevernspedagog, sosionom og barnehagelærar.
2. Minst tre år anna høgare utdanning og minst to år relevant praksis frå samfunnsplanlegging og leiing.
Det er krav om karaktersnitt C eller betre i opptaksgrunnlaget (bachelor el. tilsvarande).
Praksis og utveksling i utlandet
Høgskulen i Volda har avtalar med utdanningsinstitusjonar i utlandet, og du kan få hjelp til å finne aktuelle studium.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Høgskulen i Volda tilbyr masterstudiet som deltidsstudium, og studiet går vanlegvis over fire studieår. Ved særskild ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium. Ta kontakt om meir informasjon med studiekoordinatoren eller med Studentsørvis.
Undervisninga er ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum. Praktiske øvingar med utgangspunkt i studentane sine eigne utfordringar er ein viktig del av studiet. Undervisninga er tilrettelagt både for heiltids- og deltidsstudentar. Emne på 15 studiepoeng går over eitt semester med tre vekesamlingar på fire til fem undervisningsdagar. Mellom samlingane er det sjølvstudium og høve til rettleiing gjennom Canvas.
Aktuelle yrke og vidare studium
Med Master i samfunnsplanlegging og leiing har du ei solid og spesialisert utdanning med vekt på utøving av leiarskap og samfunnsansvar gjennom systematiske planprosessar. Studiet er spesielt eigna for personar med profesjonsutdanningar som no sit i leiarstillingar. Programmet kvalifiserer for planlegging og leiing på mange nivå i samfunnet og innanfor ulike fagområde. Fullført mastergrad kvalifiserer også for opptak til doktorgradsprogram, som kan leggje grunnlaget for ein karriere som forskar.
Vil du bruke utdanninga i skulen, kan du byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
VÅR 2025
IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon
Samlingar vår 2025: Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar, veke 2, 6 og 11.
I veke 2 og 6 er det 3 dagar campusundervisning onsdag til fredag.I tillegg vert det lagt ut videoforelesning tilsvarande ein dags undervisining. Det er viktig at studentane ser igjennom videoane før samlingane.
I veke 11 er det fire dagar undervisning, tysdag til og med fredag. Tirsdag til og med torsdag skjer på campus. Fredag vert gjennomført som eit digitalt seminar.
Fyrste undervisningsdag: onsdag 8. januar, kl 09:15, rom HS220.
IPA302 Prosessleiing
Samlingar vår 2025: veke 3, 7 og 12. Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar, med fire undervisningsdagar, tysdag til og med fredag, og ein studiedag (måndag) på kvar samling. Det er krav om minimum 80% prosent frammøte for å få ta eksamen i emnet.
Fyrste undervisningsdag: tysdag 14. januar, kl 09:15, rom kjem.
IPA312 Helsefremjande samfunnsutvikling
Samlingar vår 2025: veke 5 og 10. Undervisninga er lagt til to vekesamlingar, med tre undervisningsdagar, onsdag til og med fredag, og to studiedagar (måndag og tysdag) på kvar samling.
- Samling 1, veke 5: onsdag 29.- fredag 31. januar 2025
- Samling 2, veke 10: onsdag 5. - fredag 7. mars 2025
Fyrste undervisningsdag: onsdag 29. januar, kl 09:15, rom kjem.
IPA308/IPA309/IPA318/IPA319 Masteroppgåve
Undervisninga i samband med masteroppgåva går føre seg på 2 samlingar på 2 dagar våren 2025.
- Samling 1, veke 5: måndag 27. - tysdag 28. januar 2025
- Samling 2, veke 10: måndag 3. - tysdag 4. mars 2025
Fyrste undervisningsdag er måndag 27. januar 2025 kl 09:15, rom kjem!
HAUST 2024
IPA301 Regional planlegging og utvikling
Emnet er samlingsbasert med tre samlingar. Samlingane er på fire dagar (tysdag til fredag), med ein kombinasjon av fysisk oppmøte og digital undervisning. Tysdagar er det digital undervisning, dei andre dagene er det fysisk oppmøte.
Fyrste samling startar tysdag 27.august 2024 på zoom, som nettleksjon. Fyrste undervisningsdag med fysisk oppmøte blir då onsdag 28. august 2024, kl 09:15 på på HS220 Granskinga (Hans Strøm huset).
- Samling 1, veke 35 : tysdag 27. august - fredag 30. august 2024
- Samling 2, veke 38 : tysdag 17. september - fredag 20. september 2024
- Samling 3, veke 43 : tysdag 22. oktober - fredag 25. oktober 2024
Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, nettleksjonar og studentaktivitetar. Undervisninga er i stor grad dialogbasert og det er lagt opp til at studentane møter opp og deltek aktivt.
IPA304 Leiing og personalutvikling
Emnet er samlingsbasert i 3 samlingar med undervisning over 4 dagar, frå tysdag til fredag.
Fyrste undervisningsdag er tysdag 03/09 - 2024, oppmøte kl 09:15 på HS220 Granskinga (Hans Strøm huset).
- Samling 1, veke 36: tysdag 03/09 - fredag 06/9 - 2024
- Samling 2, veke 40: tysdag 01/10 - fredag 04/10 - 2024
- Samling 3, veke 46: tysdag 12/11 - fredag 15/11 - 2024
IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori
Undervisninga går føre seg på 3 samlingar på 4 dagar:
Fyrste undervisningsdag er tysdag 13/08 - 2024, oppmøte kl 09:15 på HS220 Granskinga (Hans Strøm huset).
- Samling 1, veke 33: tysdag 13/08 - fredag 16/08 - 2024
- Samling 2, veke 42: måndag 14/10 - torsdag 17/10 - 2024
- Samling 3, veke 47: måndag 18/11 - torsdag 21/11 - 2024
Studieplan
Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
Formålet med studieprogrammet er å bidra til at aktørar i samfunnet samarbeider meir på tvers av nivå, sektor og profesjon for å oppnå nye problemforståingar og problemløysingar, som på ei betre måte tilfredsstiller samfunnet sin behov for heilskapleg praksis. Planlegging og leiing blir rekna som viktige verktøy for å oppnå dette. Masteroppgåva skal vurderast etter vitskaplege kriterium og oppgåva skal dokumentere at studenten kan arbeide metodisk og sjølvstendig med relevante problemstillingar. Masterstudiet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. Fullført studieprogram gir høve til å søke doktorgradsprogram.
Studiet tek utganspunkt i at leiarar har eit spesielt ansvar for å bidra til ei planlagt samfunnsutvikling, og at plan- og utviklingsarbeid skjer i samhandling (partnarskap) mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kapasitetsbyggande prosessar. Høgskulen i Volda er den einaste utdanningsinstitusjonen i landet som tilbyr vi ein mastergrad der planlegging og leiing blir sett i samanheng. Planleggar og leiar er i mange tilfelle noko ein blir etter å ha vore lærar, sjukepleiar, ingeniør og anna i mange år. Difor er det mange planleggarar og leiarar som saknar formell utdanning i planlegging og leiing. Erfaringane viser at studiet passar for planleggarar, ingeniørar, sjukepleiarar, legar, sosionomar, barnevernspedagogar, lærarar, politi og andre profesjonsutdanningar som ønsker å vidareutdanne seg i planlegging og leiing med vekt på heilskaplege problemforståingar og problemløysingar. Studiet passar også for dei som ønsker å kvalifisere seg til stillingar innanfor plan- og utviklingsarbeid i offentleg, privat og frivillig sektor.
Studiet legg vekt på å knyte saman teori og praksis og på å stimulere studentane til å reflektere over det å vere planleggar og leiar. Studentane i programmet er ei blanding av folk med ferske bachelorgrader og folk med både lang utdanning og praksis. Vidare har studentane ulike utdanningar og representerer ulike profesjonar. Difor legg studiet vekt på studentaktive læringsformer med dialogbasert undervisning, omsnudd klasserom der studentane presenterer og drøftar sine erfaringar og sine arbeid, medstudentvurderingar av oppgåver som er til rettleiing m.m.. På den måten oppnår ein at dei erfarne bidreg med relevant praksis og dei med ferske bachelorgrader bidreg med innsikt i nye teoriar og modellar. I sum gir dette grunnlag for kritisk refleksjon over kunnskap, ferdigheiter, handlingar og haldningar og dermed ein meir kompetent praksis som planleggar og leiar.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
Studenten skal ha
- avansert kunnskap om relevante perspektiv, teoriar og omgrep planlegging og leiing
- forståing av samfunnsplanlegging som ein politisk styrt prosess med sikte på heilskapleg og berekraftig utvikling
- sjølvstendig og kritisk forståing av metodar for leiing av plan- og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar
Studenten skal ha ferdigheiter til sjølvstendig å
- knyte saman teori og praksis i kritiske analyser
- drive vitskapleg forsking
- skrive større og mindre oppgåver
- forstå og formidle forsking
Studenten skal kunne
- sjølvstendig reflektere over rolla som planleggar og leiar og korleis eigen kunnskap, ferdigheiter og haldningar/verdiar pregar utøving av rolla
- erkjenne at leiarar har eit spesielt ansvar for å bidra til samhandling, innovasjon og i heilskapleg samfunnsutvikling
Masterstudiet er lagt opp som deltidsstudium over fire studieår, med undervisning konsentrert til studiesamlingar som går over fleire dagar i Volda. Ved ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium.
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking.
Studiet er totalt på 120 studiepoeng (stp). Av dette er 75 stp obligatoriske og 45 stp valfrie. Masteroppgåve er på 30 stp eller 45 stp og er obligatorisk. Om ein vel Masteroppgåve på 45 stp, vert den valfrie delen av studiet på 30 studiepoeng.
I det avsluttande emnet Masteroppgåve (30/45 stp) er det to eigne studiesamlingar i vårsemesteret, der fokuset er på arbeidet med masteroppgåva og utfordringar ein kan møte i skriveprosessen. I tillegg er det seminar i emnet Forskingsmetode og vitskapsteori, der studentane legg fram og får tilbakemelding på eige masterprosjekt og gir respons på medstudentar sine prosjekt.
Studentane kan velje blant godkjente emne ved HVO og ein kan også søke om å få innpassa relevante masteremne frå andre utdanningsinstitusjonar.
Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanane.
Emne | 2025 H | 2026 V | 2026 H | 2027 V | 2027 H | 2028 V | 2028 H | 2029 V |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1. OG 2. STUDIEÅR | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
Valemne, sterkt tilrådde: | 15 | 15 | ||||||
15 | 15 | |||||||
15 | 15 | |||||||
15 | ||||||||
Valemne frå andre mastergrader utan særskilde forkrav: | ||||||||
15 | 15 | |||||||
Valemne frå andre mastergrader ved HVO kan søkjast på i periodar for undervisningsopptak. På grunn av andre krav til opptak, må det søkjast særskilt til Studentsørvis på e-post: Studentsorvis@hivolda.no. Dette gjeld emna: | ||||||||
15 | ||||||||
15 | 15 | |||||||
15 | ||||||||
15 | 15 | |||||||
15 | ||||||||
15 | 15 | |||||||
3. OG 4. STUDIEÅR | ||||||||
60 stp må vere bestått (inkl. IPA301 og IPA303) før ein kan starte på emna IPA307 og IPA318/IPA319. | 15 | 15 | 15 | |||||
15 | ||||||||
Vel anten IPA318 eller IPA319. Val av IPA318 krev 45 stp. valfrie emne og val av IPA319 krev 30 stp. valfrie emne. | ||||||||
* | * | 15 | 15 | |||||
* | 15 | 15 | 15 | |||||
Sum (120 total) | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 |
Institutt for planlegging og administrasjon og samfunnsfag er akkreditert som fullt medlem av AESOP (The Association of European Schools of Planning), eit nettverk av europeiske universitet og høgskular som driv med undervisning og forsking i samfunnsplanlegging.