Vidareutdanning (masternivå)
Juss i barnevernsfagleg arbeid
Studiet skal gi deg kunnskap om juridisk metode og dei sentrale rettskjeldene i barnevernretten, mellom anna den europeiske menneskerettskonvensjonen og barnekonvensjonen.
- Start:
- Vår
- Omfang:
- Deltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 15,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (masternivå)
- Søknadsperiode:
- 01.11.2024
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
Andre sentrale tema er forsvarleg sakshandsaming, rettslege problemstillingar, vilkår for bruk av tvang og tilhøvet mellom barnelov og barnevernslov.
Emnet er valfritt inn i Master i barnevernsarbeid (deltid), men er også eit frittståande emne, med pensum som i liten grad overlappar med jusspensum i dei obligatoriske emna i masteren. Meir informasjon om innhald i emne finn du i emneplanen, her.
Om du ønskjer å søkje opptak til Master i barnevernsarbeid kan du lese meir om graden her.
Opptakskrav
- Fullført bachelorutdanning, som gir yrkestittel sosionom, vernepleiar eller barnevernspedagog
- Søkarar med anna helsefagleg, pedagogisk, psykologisk eller samfunnsvitskapleg utdanning, og minimum eitt års relevant yrkeserfaring frå arbeid med barn unge og familiar i utsette livssituasjonar kan få særskilt vurdering.
- Det er krav om minst karakteren C i snitt frå bachelorgraden.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
- Tre samlingar
- Kombinasjon av førelesingar og studentaktive læringselement gjennom løysing av oppgåver og arbeid med kasus.
- Sjølvstudium, seminar og arbeid med individuelle oppgåver og gruppearbeid er viktige arbeidsmåtar i emnet.
Aktuelle yrke og vidare studium
Vidareutdanninga er eit valfritt emne i Master i barnevernsarbeid, og vil kunne godskrivast denne graden.
Masterutdanninga er orientert mot, og relevant for, arbeid i ulike deler av barnevernsfeltet, og kvalifiserer til stillingar i kommunalt og statleg barnevern, der det frå 2031 er krav om masterutdanning til visse funksjonar/oppgåver.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Emnet BVA307 - Juss i barnevernsfagleg arbeid er organisert med 3 samlingsveker. Tysdag, onsdag og torsdag er undervisningsdagar med fysisk oppmøte. Måndag og fredag er studiedagar, der studentane får digitale opplegg i Canvas.
Fyrste undervisningsdag med fysisk oppmøte er tysdag 21. januar 2025. Samlinga startar kl 09:15, rom kjem.
- Samling 1, veke 4: tysdag 21. - torsdag 23. januar 2025
- Samling 2, veke 9: tysdag 25. - torsdag 27. februar 2025
- Samling 3, veke 13: tysdag 25. - torsdag 27. mars 2025