Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)

Kroppsøving 1, 1. - 10. trinn

Studiet skal gi deg som er lærar, eit breitt spekter av praktiske verktøy og eit solid teoretisk fundament for kroppsøvingsfaget. Du skal bli godt rusta til å gi elevane varierte og tilpassa utfordringar i kroppsøvingstimane.

Start:
Haust
Omfang:
Deltid Samlingar
Studiepoeng:
30,0
Varigheit:
2 semester (1 år)
Studietype:
Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)
Søknadsperiode:
01.02.2024

På samlingane vil vi jobbe mykje med praktiske øvingar og refleksjon rundt desse. Det skal vere ein god balanse mellom fysisk aktivitet og utprøving, og arbeid med relevant teori og refleksjon.

Utdanninga er et tilbud under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld videreutdanning for lærarar og skuleleiarar.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar,  barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Vidareutdanninga er organisert som eit kombinert nett- og samlingsbasert tilbod med to samlinger pr. semester. I tillegg til samlingane er det lagt opp digitale læringsløyper og nettmøte gjennom læringsportalen Canvas. 

Arbeids- og undervisningsformane vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing og didaktisk refleksjon knytta til studenten sin eigen praksiserfaring. Mellom samlingane skal studenten gjennomføre og evaluere relevante oppgåver på eigen skule.

For å kunne gå opp til eksamen må 80 %  av alle læringsløyper vere gjennomførte innan fastsett frist. Eksamen er sett saman av praktiske og teoretiske oppgåver. Eksamen blir vurdert til bestått/ ikkje bestått.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gir etterspurd kompetanse inn mot kroppsøvingsfaget i grunnskulen.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Samlingar:

Haust 2024: Veke 37 og 45. Frå måndag kl. 12 til fredag kl. 12.

Vår 2025: Veke 4 og 14. Frå måndag kl. 12 til fredag kl. 12.

Digitale oppgåver:

Digitale oppgåver/læringsløyper vert publisert i Canvas annakvar veke. Eksakt tidspunkt og leveringsfristar vert avtalt på første samling.

 

Pensum

Ferdig pensumliste blir publisert ved studiestart

 

Madsen, Ø. & Irgens, P. (2021) Slik lærer du å svømme. Bodoni Forlag.

Studieplan

Kroppsøving 1, 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Kroppsøving 1, 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
70
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, barnehagelærar, faglærar, PPU eller liknande)

Om studiet

Kroppsøving 1 er eit vidareutdanningsstudie for grunnskulelærarar på 1.-10. trinn, og består av emna Kroppsøving i skolen, og Bevegelsesglede i kroppsøving. Desse to emna kvalifiserer tilsaman for undervisning i kroppsøving frå 1. til 10. trinn.

Gjennom studiet skal studenten utvikle seg som tilretteleggar for læring i kroppsøving og det har som mål å gje konkret og praksisnært læringsutbytte.  Utvikling av kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere står sentralt. 

Studiet skal førebu studenten i å leie elevar i både utforskande prosessar og regelstyrte aktivtetar som gir mulighet for mestring ut frå eleven sine føresetnader. Som ein del av dette skal studenten jobbe med både praktiske og teoretiske tilnærmingar til faget. 

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført utdanning:

Kunnskapar

Studenten har: 

  • kunnskap om faget sin plass i skule og samfunn 
  • inngåande kunnskap om kva som kan fremje bevegelsesglede 
  • kunnskap om å planlegge, -gjennomføre og vurdere undervisning i kroppsøving 
  • kunnskap om tilpassa opplæring, inkludering, samspel, medverknad, likestilling og likeverd i kroppsøving. 
  • kjennskap til barn og unge si utvikling, og til motivasjon, læring og sosialisering med utgangspunkt i kroppsøving. 
  • kunnskap om ulike undervisningsmetodar og aktivitetar i kroppsøving, og om trening, livsstil og helse.
  • kjennskap til kroppen som uttrykk og symbol og kunnskap om kroppsleg læring
  • kunnskap om uteaktivitetar, naturferdsel og trygg og bærekraftig ferdsel 
Ferdigheiter

Studenten kan: 

  • planlegge, gjennomføre og vurdere variert undervisning i kroppsøving i samsvar med læreplan.  
  • utvide eige repertoar av aktivitetar og arbeidsmåtar i kroppsøving. 
  • utforske kroppslege uttrykk samt leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt. 
  • legge til rette for og leie læringsarbeid gjennom aktivitetar
  • gjennomføre undervisning i kroppsøving der bevegelsglede og refleksjon er sentralt 
  • vurdere risiko, ogskape tryggleik for elevane. 
  • arbeide tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving 
Generell kompetanse

Studenten kan: 

  • arbeide med mangfald i kroppsøving. 
  • bidra til profesjons- og skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving. 
  • bidra til å sjå kroppsøving i tverrfagleg perspektiv. 
  • orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis. 
  • identifisere og analysere faglege utfordringar og muligheter innanfor kroppsøving. 
  • ta ansvar for kontinuerlig utvikling av egen profesjonalitet 
  • bruke tilpassa opplæring som en integrert del av arbeidsmåten i faget 
  • nytte relevant digital kompetanse i kroppsøving 
  • bidra til skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving 
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er nett- og samlingsbasert med samlingar på Høgskulen i Volda. Samlingane skal sikre at studentane får eigne kroppslige erfaringar og kunnskap om varierte arbeidsmåtar. Det blir annakvar veke lagt ut nye nettleksjonar knytt til teori og planlegging av undervisning. 

Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing, og didaktisk refleksjon knytta til studenten si eiga praksiserfaring. Aktiv bruk av digitale verktøy og læringsressursar vert vektlagt. 

Kroppsøving 1, 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Navn: 
Kroppsøving 1, 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Ansvarleg
Tore Kjetil Sørheim