Vidareutdanning (masternivå)

Migrasjon, kjønn og religion

Migrasjon er knytt til oppbrot, men fører òg til nye møte mellom menneske og kulturar. I dette studiet ser vi på migrasjon over landegrenser i historie og samtid. 

Start:
Vår
Omfang:
Deltid
Studiepoeng:
15,0
Varigheit:
1 semester
Studietype:
Vidareutdanning (masternivå)
Søknadsperiode:
01.11.2024

Løpande opptak til studiet er fullteikna.

Menneske har alltid vore på flyttefot, av tvang, av naud eller av fri vilje, på leiting etter mat, tryggleik eller arbeid. Kjønn og religion er to faktorar som kan ha mykje å seie i migrasjonssituasjonen. Grunnane til og vilkåra for migrasjon kan vere ulike for kvinner og menn. Religion kan vere ei hjelp, men òg ei hindring i dei kulturmøta som oppstår. 

 

Studieinnhald

Masteremnet har tre delemne:

  • Migrasjon som forskingsfelt. Nyare europeisk arbeidsmigrasjon
  • Norsk migrasjon til Nord-Amerika 1860-1940
  • Tvungen migrasjon. Flyktningar i Europa og Midt-Austen

Les meir om emnet her.

Opptakskrav

Opptakskravet til emnet er det same som for Master i kulturmøte. Les her.

Emnet kan også veljast av studentar ved andre mastergrader ved HVO, dersom dei har fordjuping i historie eller religion eller tilsvarande bakgrunn innan humanistiske eller samfunnsvitskaplege fag med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp fordjuping i det same faget.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det vil bli nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving. Vurdering i emnet skjer på grunnlag av endeleg versjon av prosessoppgåva, og ein justerande munnleg eksamen.

Aktuelle yrke og vidare studium

Emnet er ein del av Master i kulturmøte. Dei som fullfører studiet og seinare vil gå vidare til mastergraden, får emnet automatisk godskrive i graden.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Felles informasjonsmøte for Kulturmøte ved semesterstart: onsdag 8. januar 2025 kl. 14:00-15:30

All undervisning på emnet går føre seg på zoom i vekene 7, 8, 9, 10 og 12. Tysdagar og torsdagar kl 12:00-15:45.

Fyrste undervisningsdag er tysdag 11. februar kl 12:00. Det vil bli delt ei zoom-lenkje i Canvas som skal nyttast heile semesteret.