Vidareutdanning (masternivå)
Mikrohistorie
I dette studiet får du inngåande kunnskap om teoriar og metodar innan mikrohistoriefeltet, og innsikt i utvalde døme på mikrohistoriske tilnærmingar, med vekt på kulturmøte.

- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid
- Studiepoeng:
- 15,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Vidareutdanning (masternivå)
- Søk frå:
- 01.02.2025
Studiet har løpande opptak.
Mikrohistorie er ei historiefagleg tilnærming eller eit perspektiv som tek utgangspunkt i til dømes ei enkelthending, eit mindre lokalsamfunn eller ein enkeltperson for å seie noko om generelle forhold. Studiet fokuserer på det internasjonale fagfeltet mikrohistorie, og kva moglegheiter og avgrensingar som ligg i det med vekt på analysar av kulturmøte.
Tilnærminga eller perspektivet kan nyttast på dei aller fleste historiske tema og periodar, frå steinalderen til i dag, og studentane får rettleiing i og høve til å nytte «mikroblikk» på eigne tema.
I den første delen av studiet vert det gitt ein historiografisk gjennomgang. I den andre delen blir definisjonar av fagfeltet drøfta opp mot ein del meir eller mindre anerkjente mikrohistoriske framstillingar. Studentane får kunnskap om metodar og teoriar, og skal prøve desse i praksis gjennom oppgåveskriving.
Studieinnhald
Les meir om studiet i emneplanen.
Opptakskrav
Bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 stp.).
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Det vert nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesing, delvis med nettstøtte, i tillegg til prosessorientert skriving. Studentane skal delta på ein obligatorisk seminardag og leggje fram eit emne frå pensumlitteraturen. Les meir om arbeidskrav og eksamen i emneplanen.
Aktuelle yrke og vidare studium
Emnet inngår i Master i kulturmøte. Studentar som ønskjer å fullføre mastergraden vil få emnet automatisk godskrive ved opptak.
Pensum
Pensumliste finn etterkvart her.