Innføringsemne Vidareutdanning (bachelornivå)
Musikkfagleg innføring 1
I dette studiet får du ei praktisk-teoretisk innføring i musikkfaget. Emnet vektlegg grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter innan musikkfaglege disiplinar, inkludert bruk av musikkteknologi og digitale arbeidsmåtar.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid
- Studiepoeng:
- 15,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Innføringsemne Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søknadsperiode:
- 01.02.2024
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
Det blir fokusert på følgande hovudområde: praktisk musikkteori og arrangering, høyrelære og musikk i historisk kontekst. Eit kurs i folkemusikk inngår i emnet.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, praktisk skapande arbeid, arbeid i grupper og individuelt.
Det vert nytta både klasserom, nettundervisning og varierte læringsformer som prosjekt- og seminararbeid, omvendt undervisning, samspel, og gruppediskusjonar. Studenten får innsikt i relevante arbeidsoppgåver retta mot ulike kulturfelt, gjennom uformelle praksisavtalar, eksursjonar og eksterne forelesingar.
Aktuelle yrke og vidare studium
Du får innsikt i relevante arbeidsoppgåver retta mot ulike kulturfelt, gjennom uformelle praksisavtalar, eksursjonar og eksterne forelesingar.