Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)
Programmering for lærarar, 5.–10. trinn
Vidareutdanninga er lagt til rette for lærarar utan erfaring i programmering. Målet er å gi kompetanse i programmering og didaktikk for bruk i ulike fag på 5.–10. trinn.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Nettstudium
- Studiepoeng:
- 15,0
- Varigheit:
- 2 semester (1 år)
- Studietype:
- Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søk frå:
- 01.02.2024
Vidareutdanninga er lagt til rette for lærarar utan erfaring i programmering. Målet er å gi kompetanse i programmering og didaktikk for bruk i ulike fag på 5.–10. trinn.
Vi fokuserer på korleis ein skal introdusere og gjennomføre variert programmeringsundervisning. Studiet har difor innhald om både algoritmisk tenking, programmering utan datamaskin, blokkbasert programmering og tekstbasert programmeringsspråk. Ein jobbar med ulike typar utstyr, som Micro:bit eller andre mikrokontrollar/robotar studenten har tilgjengeleg, og vi hevar blikket og ser på programmering i eit samfunnsperspektiv.
Utprøving i faget blir integrert i eigen praksis og progresjon kan tilpassast skulen sin årsplan.
Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR).
Innblikk i studiekvardagen
Høgskulen har i fleire år vore i bresjen for digital kompetanse i læring, og fagtilsette held stadig på med vidareutvikling av studietilboda. No prøver høgskulelektor Torbjørn Frantsen noko nytt for å betre si eiga undervisinga om programmering.Vis mer
Høgskulen har i fleire år vore i bresjen for digital kompetanse i læring, og fagtilsette held stadig på med vidareutvikling av studietilboda. No prøver høgskulelektor Torbjørn Frantsen noko nytt for å betre si eiga undervisinga om programmering.
Opptakskrav
Fullført grunnskulelærarutdanning eller tilsvarande.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
All undervisning, rettleiing og vurderingsordningar i utdanninga er nettbaserte. Det er med andre ord ingen forelesingar eller anna undervisning i sanntid ("live") sidan målgruppa er lærarar i jobb. Vi brukar Teams for å få ein nærare dialog mellom lærarar og studentar, og her kan studentar møtast også direkte om dei ynskjer det.
Studentane skal levere ei vureringsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.
Aktuelle yrke og vidare studium
Vidareutdanninga gir etterspurd kompetanse i programmering og didaktikk til lærarar for bruk i ulike fag på 5.-10. årssteg.
Studieplan
Programmering for lærarar, 5.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Studiet er tilrettelagt og reservert for lærarar som er tekne opp gjennom Kunnskapsdepartementet si satsing Kompetanse for kvalitet.
I studiet får studentane, uavhengig av tidlegare erfaring, utvikle kompetanse til å planleggje, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som gir elevane grunnleggjande ferdigheiter i programmering. Studiet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, og det å integrere programmering i ordinære undervisningsfag.
Hovudfokuset ligg på korleis ein kan arbeide praktisk med programmering i grunnskulen, med fordjuping i verktøy og metodar relevante for 5.-10.trinn. Studentane får erfaring med metodar for å utvikle algoritmisk tenking utan digitale verktøy, og med visuelle og tekstbaserte programmeringsspråk. Programmeringa går føre seg på nettbrett, PC og med mikrokontrollerar som t.d. Micro:bit og Arduino.
Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i programmering for elevar på 5.-10. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise i og integrere programmering i skulen.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten
- har forståing for programmering og algoritmisk tenking si rolle i skule og samfunn
- har grunnleggjande forståing for algoritmar, algoritmisk tenking, grunnleggande element i programmering og programmering som prosess
- kan gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til visuell programmering, tekstbasert programmering og overgangen mellom desse.
- kan gjere greie for korleis integrere prototyping med mikrokontrollar i læringsarbeidet
Studenten skal kunne
- utforme algoritmar som flytskjema, pseudokode, i visuelle og tekstbaserte språk
- kommentere, feilsøke og vidareutvikle program, samt produsere ryddig kode og dokumentasjon
- utvikle prototypar med mikrokontroller
- planlegge, gjennomføre, vurdere og evaluere undervisning knytt til programmering
Studenten skal kunne
- arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling om programmering
- bidra til å utvikle programmering i skulen som er fagleg grunngjeven
- reflektere over korleis programmering kan styrke samarbeid, djupnelæring, kritisk tenking og stimulere til kreativitet.
- reflektere over programmering sin plass i undervisingsfag
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver er praksisnære, relatert til læraren sin kvardag. Studiet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar, ulike typar læringsressursar, øvingar, samarbeid og individuelle oppgåver.
Studiet er nettbasert og det er ikkje krav om fysisk oppmøte. I kvart delemne (haust og vår) er det to (2) obligatoriske arbeidskrav som må leverast for å få avlegge eksamen. Eksamensforma er mappevurdering, beståande av vidareutvikla versjonar av dei to arbeidskrava.
Emne | 2024 Haust | 2025 Vår |
---|---|---|
7.5 | ||
7.5 | ||
Sum (15 total) | 7.5 | 7.5 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Studenten må også ha tilgang til utstyr knytt til prototyping med mikrokontrollerar. Naudsynt utstyr vert gjort kjent ved semesterstart.