Kompetanse for framtidas barnehage Vidareutdanning (bachelornivå)

Realfag i barnehagen

Vidareutdanninga skal vere med å auke barnehagelærarar sin kompetanse innanfor realfaglege tema. Teknologi og programmering i barna sitt leike- og læringsmiljø er også ein viktig del av studiet.

Start:
Haust
Omfang:
Deltid Nettstudium
Studiepoeng:
30,0
Varigheit:
2 semester (1 år)
Studietype:
Kompetanse for framtidas barnehage Vidareutdanning (bachelornivå)
Søknadsperiode:
01.02.2024

Vidareutdanninga er retta mot realfaglege tema i barnehagen for å auke barnehagelærarar sin kompetanse innanfor desse fagområda. Det vert sett fokus på å legge til rette for at borna får erfaringar innanfor matematikk og naturfag.  

Studentane skal kartlegge kva plass realfaga har i leike- og læringsmiljøa i eigen barnehage, og arbeide med å utvikle desse. Det er eit mål å vidareutvikle moglegheitene for oppdaging og utforsking i lag med barna, både ute og inne. Teknologi og programmering i barna sitt leike- og læringsmiljø er også ein viktig del av studiet. Nokre av arbeidskrava skal gjennomførast saman med kollegaer og barn i barnehagen. Det er difor eit vilkår at studentane har moglegheit til dette.

Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for framtidas barnehage Utdanningsdirektoratet (UDIR).  

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (barnehagelærar, førskulelærar eller tilsvarande).

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er nettbasert og asynkron. Dette betyr at studenten får tilgang til digitale læringsressursar, for eksempel filmar, som kan nyttast på valfrie tidspunkt innanfor gitte fristar. Gjennomføring av alle leksjonane med tilhøyrande aktivitetar er obligatoriske. Desse aktivitetane kan til dømes vere å dele erfaringar og observasjonar frå barnehagen, samle materiale, delta i diskusjonar og gi tilbakemeldingar til medstudentar. 

Kontakten med faglærarar og medstudentar er i hovudsak skriftleg, men vi legg opp til gruppearbeid, der mindre grupper av studentar sjølve avtaler å jobbe saman i videomøter. Det kan også vere aktuelt å gjennomføre nokre få videomøter der faglærarar og studentar deltek til oppsett tid. Eventuelle tidspunkt for desse blir fastsett i samråd med studentane.

Studentane må levere og få godkjent tre skriftlege arbeidskrav. Nokre av arbeidskrava skal gjennomførast saman med kollegaer og barn i barnehagen. Det er difor eit vilkår at studentane har moglegheit til dette. 

Eksamen i emnet er ei individuell semesteroppgåve på 2000 til 2500 ord, der de rapporterer og reflekterer over eit utviklingsprosjekt med mål om å utvikle realfagleg praksis i barnehagen i løpet av studieåret.

Aktuelle yrke og vidare studium

Vidareutdanninga gir etterspurd realfagleg kompetanse til barnehagelærarar som ønskjer å legge til rette for at born skal få erfaringar innanfor matematikk og naturfag.

Pensum

Pensumlista kjem i løpet av mai. Her finn du fjorårets pensumliste. Det blir truleg få eller ingen endringar i den. Om du ynskjer å lese og orientere deg i temaet, så kan du sjå på desse bøkene:

Bærekraft i praksis i barnehagen, 2019
Natur, miljø og teknologi i barnehagen, 2022
Undre meg på, 2013
Natur 2 : Barn utforsker naturfenomener, 2017
Matematikkens kjerne, 2019
 

Studieplan

Realfag i barnehagen - Kompetanse for framtidas barnehage

Studieprogram: 
Realfag i barnehagen - Kompetanse for framtidas barnehage
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført barnehagelærarutdanning eller tilsvarande.

Om studiet

Studiet handlar om realfaglege tema i barnehagen. I gjeldande planverk, Rammeplan for barnehagen, famnar dette fagområda tal, rom og form og natur, miljø og teknologi i tillegg til berekraftig utvikling.

Målet med studiet er at barnehagelærarar aukar kompetansen sin innanfor desse fagområda, og at dei saman med kollegaer i barnehagen skal setje fokus på realfag, og legge til rette for at borna får erfaringar innanfor matematikk og naturfag.  

Studentane skal kartlegge kva plass realfaga har i leike- og læringsmiljøa i eigen barnehage, og arbeide med å utvikle desse. Det er eit mål at studentane skal sjå og vidareutvikle moglegheitene for oppdaging og utforsking i lag med barna, både ute og inne. Studentane skal òg kunne reflektere over bruk av teknologi og programmering i barna sitt leike- og læringsmiljø.

Språk og kommunikasjon er ein viktig del, og særleg vil den utforskande og filosofiske samtalen få mykje rom. For dei yngste borna er særleg dei sanselege erfaringane sentrale i møte med matematiske omgrep og naturfaglege fenomen. Tilpassing med tanke på alder og utvikling hos barna vil bli vektlagt, også med tanke på barn med særskilte behov. Realfaga blir slik sett i ein heilskap og i eit mangfald. Det vil bli lagt vekt på tverrfagleg tenking, med heile barnet som utgangspunkt.  

Utvikling av profesjonsfagleg digital kompetanse vil vere ein naturleg del av studiet, både gjennom organisering og arbeidsmåtar i studiet og gjennom undervisning og oppgåver knytt til teknologi og programmering i barnehagen.

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • utforsking og problemløysing
  • berekraft
  • modellar og modellering
  • klassifisering og sortering
  • utvikling av forståing av tal, rom, form
  • fysiske fenomen i kvardagen, som til dømes lys, lyd og elektrisitet
  • universet, solsystemet, månen og jorda
  • eigenskapar til nokre kjemiske stoff i kvardagen, og bruken av desse
  • anatomien og fysiologien til menneske og dyr
  • biologisk mangfald og økologi
Ferdigheiter

Studenten kan

  • legge til rette for utforskande aktivitetar
  • gjennomføre matematiske samtalar
  • legge til rette for bruk av nærmiljøet i realfaglege aktivitetar
  • vurdere praksis og aktivitetar i barnehagen knytt til berekraftig utvikling
  • legge til rette for utforsking av og gjennom sanseerfaringar
  • legge til rette for aktivitetar med teknologi og programmering
  • gjere naturfaglege observasjonar og undersøke både flora og fauna, ulike landskapselement og naturfenomen
Generell kompetanse

Studenten kan

  • kommunisere og drøfte fagleg-pedagogiske problemstillingar knytt til realfaga med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar og vere pådrivar for arbeid med desse faga i barnehagen
  • dokumentere og evaluere arbeid med realfaga i barnehagen, og ta på seg leiaransvar for utviklings- og kvalitetsarbeid i desse
  • vere ein ressurs knytt til realfaglege aktivitetar og delta i barnehagefaglege diskusjonar knytt til realfaga
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet Realfag i barnehagen er organisert som eit nettstudium, med leksjonar som skal vere gjennomført innan gitte tidsfristar. Detaljert informasjon og fristar vert presiserte i semesterplanen. Arbeidsmåtane i studiet inkluderer sjølvstudium, studentsamarbeid gjennom digitale medium og aktivitetar med barn og vaksne i barnehagen.

Realfag i barnehagen - Kompetanse for framtidas barnehage
Navn: 
Realfag i barnehagen - Kompetanse for framtidas barnehage
Ansvarleg
Beate Krøvel Humberset, T: 70 07 53 15 E: beate.krovel.humberset@hivolda.no