Fordjupingsstudium Vidareutdanning (bachelornivå)
Rettleiings- og mentorutdanning 2

- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 15
- Varigheit:
- 2 semester (1 år)
- Studietype:
- Fordjupingsstudium Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søk frå:
- 23.02.2024
Studiet har løpande opptak.
Rettleiings- og mentorutdanning 2 er retta mot barnehagelærarar/førskulelærarar, grunnskulelærarar og lærarar i vidaregåande opplæring som skal vere praksislærar eller rettleiar for nyutdanna.
Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Du får innføring i ulike teoriar og metodar for rettleiing knytt til læring og kompetanseutvikling.
Studieinnhald
Sentrale tema som kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing vert vidareført frå Rettleiings- og mentorutdanning 1. Det vert vidare lagt vekt på korleis rettleiing og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap kan nyttast som støtte for utvikling av profesjonsidentitet og yrkesrolle.
Opptakskrav
1. Fullført barnehagelærar-/førskulelærar- eller lærarutdanning
2. Fullført Rettleiings-og mentorutdanning 1 (15 stp).
3. Dokumentere stilling som barnehagelærar, grunnskulelærar eller lærar i vidaregåande opplæring
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet går over 2 semester. Undervisninga er samlingsbasert med nettstøtte.
Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet gir kompetanse i rettleiing av studentar i praksis eller nyutdanna lærarar i barnehage og skule.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Samlingane vert arrangert på Høgskulen i Volda på følgjande datoar:
Haust 2024
Veke 36, 4. -5. september
Veke 48, 27. -28. november
Vår 2025
Veke 5, 29. - 30. januar
Veke 11, 12. -13. mars
Studieplan
Rettleiings- og mentorutdanning 2 - vidareutdanning
Målgruppa for studiet er førskule/barnehagelærarar og lærarar som skal vere rettleiarar for nyutdanna kollegaer og/eller praksislærarar i barnehage, skule og vidaregåande opplæring. Kvaliteten i grunnutdanningane si praksisopplæring skal styrkast mellom anna ved å gi alle praksislærarar tilbod om opplæring i rettleiing. Studiet rettar seg også mot rettleiing av kollegaer. Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om, og ferdigheiter i, rettleiing. Sentralt i studiet er styrking og utvikling av kommunikative ferdigheiter, relasjonskompetanse, refleksjon og analyse av eigen praksis som rettleiar. Innsikt i etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar er også sentralt i studiet. Vidare vert det lagt vekt på yrkesrolla i barnehage og skule, profesjonsidentitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap. Studiet gir innsikt i nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing.
I Nasjonale Retningsliner for grunnskulelærarutdanninga (KD, 2017) er det krav om at praksislærarar i grunnskulen skal ha gjennomført vidareutdanning i rettleiing på minimum 15 studiepoeng. Kravet om utdanning i rettleiing vil også gjelde praksislærarar i vidaregåande opplæring. I følgje Nasjonale retningsliner for barnehagelærarutdanning (KD, 2018) er det krav om 30 stp. rettleiing for å vere praksislærar i barnehagen. Stortinget har vedteke at alle nyutdanna lærarar og barnehagelærarar skal få tilbod om rettleiing, og utdanning av rettleiarar er eit av tiltaka for å sikre god rettleiing (KD 2018). Rettleiingsutdanninga er difor eit bidrag til å støtte begge desse tiltaka.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har innsikt i nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing i barnehage og skule
- har innsikt i studentar, nyutdanna og nytilsette sine særlege vilkår og utfordringar i barnehage og skule
- har kunnskap om rettleiing som grunnlag for læring og kompetanseutvikling i barnehage og skule
- har innsikt i etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrka
Studenten
- kan nytte forskingsbasert kunnskap om barnehage og skule i rettleiingssamanheng
- kan planlegge, gjennomføre og analysere rettleiing ut frå relevante faglege og teoretiske perspektiv
- meistrar å støtte og utfordre både studentar, nyutdanna og kollegaer gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing
- kan kritisk vurdere eigen praksis i eit lærings- og danningsperspektiv
- meistrar å utøve etiske vurderingar i samband med rettleiingsarbeidet
- nyttar rettleiing som reiskap for kvalitetsutvikling i barnehage og skule
Studenten
- kan kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i skule og barnehage
- har innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
- kan støtte og utfordre både studentar, nyutdanna og kollegaer i deira læring og deltaking i kollektive læringsprosessar
- kan analysere og drøfte synspunkt og erfaringar med andre fagpersonar, og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis
- har grunnleggande forståing for korleis rettleiing kan bidra til utvikling av eigen kompetanse og til organisasjonsutvikling
Studiet er samlingsbasert. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingar (Minimum 75% oppmøte).
Emne | 2024 Haust | 2025 Vår |
---|---|---|
7.5 | 7.5 | |
Sum (15 total) | 7.5 | 7.5 |