Vidareutdanning (bachelornivå)

Robotar i læringsarbeid

I dette emnet får du ein introduksjon til robotar i samfunnet og skulen, og om sentrale læringsteoriar på feltet. Vi legg og vekt på nyskaping, kreativitet og tverrfagleg aktivitet.

Robot som løser rubiks kube
Start:
Haust
Omfang:
Nettstudium
Studiepoeng:
5,0
Varigheit:
1 semester
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå:
01.02.2025

Studiet har løpande opptak.

Robotar i læringsarbeid (Educational robotics) er ei spanande undervisningsmetode som legg vekt på elevaktiv læring og praktiske erfaringar. Robotar nyttast særskilt i programmeringsundervisning, teknologi, matematikk og naturfag, men tematikken er også veldig relevant for kunst & handverk og læringsarbeid i skaparverkstad.

Studenten velg sjølv kva robot ein ynskjer å nytte i undervisninga, som til dømes Micro:bit og Bit:bot, Spike PRIME eller liknande. Emnet kan gjerne kombinerast med deltaking i robotkonkurransar som First Lego League eller Super:bit-kampen. Det er anbefalt å ha grunnleggande kunnskap i programmering, og i eksempel og øvingar vil vi nytte blokkbaserte programmeringsspråk.

Målgruppa er lærarar på mellomtrinnet, ungdomsskole og videregåande skole som ynskjer å utvikle eiga undervisning og få ny inspirasjon.

Som student får du tett fagleg oppfølging, og vi legg til rette for samarbeid og deling. Til eksamen leverer du ei eksamensmappe basert på arbeidskrava i emnet. Les meir om emnet her.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Emnet er eit nettstudium, vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver.