Bachelorgrad
Samfunnsutvikling
Vil du vere med å forme ei berekraftig framtid? Bachelor i samfunnsutvikling er studiet for deg som ønskjer å gjere ein forskjell.
Med ei tverrfagleg tilnærming gir utdanninga deg dei verktøya du treng for å påverke og leie samfunnsendringar i offentleg, frivillig og privat sektor.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Heiltid
- Studiepoeng:
- 180,0
- Varigheit:
- 6 semester (3 år)
- Studietype:
- Bachelorgrad
- Søk frå:
- 01.02.2025 - 15.04.2025
Kva lærer du?
- Planlegging: Lær korleis du kan bidra til ei grønare framtid gjennom berekraftig samfunnsplanlegging.
- Governance: Forstå kompleksiteten i styringssystem og demokratiutøving på alle nivå.
- Prosessleiing: Utvikle ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling for å leie endringsprosessar.
Kvifor velje oss?
- Arbeidslivsrelevans: Gjennom prosjektarbeid, praksisbesøk og studieturar får du verdifull erfaring som gjer deg jobbklar.
- Internasjonale moglegheiter: Ta delar av studiet i utlandet og få eit globalt perspektiv.
- Videre studiar: Studiet kvalifiserer for opptak til Master i samfunnsplanlegging og leiing, slik at du kan ta utdanninga di endå lenger.
Innblikk i studiekvardagen
Bli med og utforsk ei berekraftig samfunnsutvikling, og ta ei utdanning som opnar dørene for mange jobbmoglegheiter! Iben hoppa i det, tok praksis i Italia og delar sine erfaringar.Vis mer
Bli med og utforsk ei berekraftig samfunnsutvikling, og ta ei utdanning som opnar dørene for mange jobbmoglegheiter! Iben hoppa i det, tok praksis i Italia og delar sine erfaringar.
Feltarbeid i lokalsamfunnsanalyse er en integrert del av bachelorstudiet samfunnsutvikling. I løpet av et par intensive og lærerike dager jobber studentene med utfordrende problemstillinger, som konsekvensene av skolenedleggelser og hvordan infrastruktur påvirker samarbeid og konkurranse i næringslivet.Vis mer
Feltarbeid i lokalsamfunnsanalyse er en integrert del av bachelorstudiet samfunnsutvikling. I løpet av et par intensive og lærerike dager jobber studentene med utfordrende problemstillinger, som konsekvensene av skolenedleggelser og hvordan infrastruktur påvirker samarbeid og konkurranse i næringslivet.
Studieinnhald
Studiet vektlegg tre fagområde som er gjennomgåande for heile bachelorstudiet; planlegging, governance, og prosessleiing.
Første studieår får du ei innføring i alle tre fagområda. Studieåret består av i alt seks emne og desse legg grunnlaget for resten av bachelorstudiet. Studieåret vert avslutta med eit tverrfagleg prosjektarbeid i lokalsamfunnsanalyse. Dette er eit feltarbeid som blir gjennomført i ein kommune /lokalsamfunn enten nasjonalt eller internasjonalt.
Andre studieår i haustsemesteret tar du tre emne som dekkjer eit breiare spekter av dei tre fagområda. I vårsemesteret andre studieåret er det valfag. Her kan du velje mellom fordjupingsemne innanfor dei tre fagområda, eller du kan reise på utveksling eller gjennomføre eit praksisopphald i utlandet.
Tredje studieår i haustsemesteret tek du eit fordjupingsemne i planlegging og eit i governance. Her gjennomfører du eit prosjektarbeid i tilknyting til praksisfeltet, og du får tilbod om å vere med på studietur til utlandet. I vårsemesteret tek du eit fordjupingsemne i prosessleiing, i tillegg til å skrive ei bacheloroppgåve.
Sjølv om teksten her er på nynorsk er det ikkje noko krav om at du må skrive nynorsk når du studerer med oss!
Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
Praksis og utveksling i utlandet
Du kan ta delar av utdanninga i utlandet. Vi rår mellom anna til utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Belgia, Sør-Korea og USA. Les meir om internasjonalisering på nettsidene våre.
Les også om Iben Ekornås si praksiserfaring frå opphaldet i Italia.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er lagt opp i ein kombinasjon av førelesing, sjølvstudium, gruppearbeid og praktiske øvingar.
Det er lagt stor vekt på å gjere undervisinga arbeidslivsrelevant. Det er høve til å velje praksis som eit valemne.
Praksisopphald og delar av utdanninga, kan gjennomførast i utlandet same semester.
Du får også tilbod om å delta på ein eller fleire studieturar.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet gir deg brei kompetanse til å jobbe med planlegging- og utviklingsoppgåver i offentleg, frivillig og privat sektor. Bachelorgraden kvalifiserer mellom anna for opptak ved Master i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda.
Pensum
I haustsemesteret vil det vere 3 emne som går parallelt. Kvart emne er på 10 stp og har eksamen i haustsemesteret.
Studieplan
Samfunnsutvikling - bachelor
Bachelorstudiet i samfunnsutvikling er eit tverrfagleg studium. Gjennom studiet får du ei brei innføring i sentrale samfunnsvitskaplege emne.
Her lærer du å sjå samanhengar mellom lokalsamfunnsutvikling og økonomisk sosial og kulturell berekraft. Som del av utdanninga deltek du i fleire prosjektarbeid. Her får du øving i metodar for innsamling og bearbeiding av data om samfunn.
Studiet gir deg grunnleggande kompetanse i å arbeide med utviklings- og administrative oppgåver i både offentleg, privat og frivillig sektor. Studiet kvalifiserer også til mastergradsstudium i Samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha:
- forståing for økonomiske, sosiale og fysiske utviklingstrekk, og utfordringar desse gir for berekraftig utvikling
- kunnskap om teoretisk og praktisk planlegging i kommunar og lokalsamfunn
- kunnskap om offentleg forvalting
Studenten skal kunne:
- vurdere og forklare utviklingstrekk og utfordringar i samfunn og organisasjonar
- reflektere kritisk rundt sentrale samfunnsvitskaplege tema
- gjennomføre sjølvstendige metodiske og faglege arbeid, både individuelt og i grupper
- framstille og presentere fagstoff som svarer på ei forskbar problemstilling
Studenten skal:
- ha utvikla gode haldningar til, og verdiar for, fagområdet
- kunne samhandle med ulike aktørar frå offentleg, privat og frivillig sektor
- kunne planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver, individuelt og i samarbeid med andre
- kunne bruke verktøy og metodar på ein konstruktiv og kritisk måte
Studiet gir 180 studiepoeng og går over tre år. Av dette er 150 studiepoeng obligatoriske og 30 studiepoeng valemne.
Første studieår inneheld seks obligatoriske emne på til saman 60 studiepoeng. Dei seks obligatoriske emna dekker sentrale tematikkar som;
- berekraftig samfunnsutvikling og planlegging på lokalt og regionalt nivå
- governance/styring; demokratiutøving, styringssystem og samstyring
- prosesskompetanse; prosessleiing, omstilling, kommunikasjon, sosialt entreprenørskap, nyskaping og digitalisering
Tematikkane frå første studieår går også igjen i obligatoriske emne på andre og tredje studieår.
Våren i det andre studieåret skal studentane velje blant valfrie emne, tilsvarande 30 studiepoeng. Moglege val går fram av studiemodellen. Alternativt kan det tilretteleggast for studiar i utlandet eller val av frie studieemne ved HVO eller andre norske universitet og høgskular.
Tidlegare fagemne/studiar kan søkjast om å få godskrive her, jf. §4-10 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Dei valfrie emna som instituttet gjev tilbod om, kan bli avlyst dersom det melder seg for få studentar.
Siste semester skal det skrivast ei bacheloroppgåve som tilsvarar 15 stp.
Emne | 2025 Haust | 2026 Vår | 2026 Haust | 2027 Vår | 2027 Haust | 2028 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne 1. studieår | 30 | 30 | ||||
10 | ||||||
10 | ||||||
10 | ||||||
10 | ||||||
10 | ||||||
10 | ||||||
Obligatoriske emne 2. studieår | 30 | |||||
10 | ||||||
10 | ||||||
10 | ||||||
Valemne 2. studieår | 30 | |||||
Utveksling | 30 | |||||
15 | ||||||
15 | ||||||
30 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Obligatoriske emne 3. studieår | 30 | 30 | ||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Praksis er ikkje obligatorisk i studiet, men det er høve til å velje praksis som eit valemne på andre og tredje studieår gjennom emnet Internship with internship report (IPA203/206). Aktuell praksisplass kan vere i offentleg, privat eller frivillig sektor. Det vil også kunne leggast til rette for praksisopphald i utlandet. Val av praksisplass skal vere godkjend av instituttet.
Som ein del av studiet kan det tilretteleggast for studiar i utlandet. Eit eventuelt utanlandsopphald gjennomførast i vårsemesteret andre studieår. Høgskulen i Volda har avtalar om studentutveksling med ei rekkje universitet og høgskular rundt om i verda. Val av studieemne skal vere godkjend av instituttet.