Fordjupingsstudium
Småbarnspedagogikk med vekt på musikk og drama
Studiet skal bidra til å gi deg meir kunnskap og ferdigheiter i pedagogisk og estetisk arbeid med dei yngste barna i barnehagen.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Heiltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 30,0
- Varigheit:
- 1 semester
- Studietype:
- Fordjupingsstudium
- Søknadsperiode:
- 01.02.2024
Løpande opptak til studiet er fullteikna.
Studiet er retta mot arbeidet med barn under tre år, og har ei fleirfagleg, allsidig og forskingsbasert tilnærming til kunnskap om dei yngste barna.
Ulike vitskapelege og teoretiske retningar er representert. Emnet omhandlar den profesjonelle innan barnehagelæraren si rolle i arbeidet med barn, foreldre og medarbeidarar. Undervisninga legg vekt på tema omsorg, leik, relasjonar og deltaking, med eit spesielt fokus på faga musikk og drama.
Studiet skal bidra til å gi deg meir kunnskap og ferdigheiter i pedagogisk og estetisk arbeid med dei yngste barna i barnehagen.
Studieinnhald
Undervisninga er organisert i desse overordna emna: Den profesjonelle barnehagelærar
- Dei yngste barna sin leik, læring og utvikling
- Dei yngste barna sine veremåtar og perspektiv
- Overgangar og tilvenning
- Det fysiske miljøet
- Omsorg
- Musikk for og med dei yngste
- Drama for og med dei yngste
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (barnehagelærar, førskulelærar, pedagogisk leiar eller tilsvarande).
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Arbeidsmåtane i emnet er førelesingar, arbeidsverkstadar og praktisk arbeid, sjølvstudium og arbeid i grupper, samt gjennomføring av studentpresentasjonar.
Det er lagt opp til fem dagar rettleia praksis i barnehage. Studentane sine erfaringar frå praksis er ein viktig del av undervisninga.
Det inngår også ein studietur over fire dagar. Studentane må rekne med utgifter til mellom anna transport, overnatting og billettar til eventuelle arrangement. Dei studentane som ikkje har høve til å delta, gjennomfører eit alternativt opplegg.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet skal bidra til å gi deg meir kunnskap og ferdigheiter i pedagogisk og estetisk arbeid med dei yngste barna i barnehagen.