Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)
Spesialpedagogikk 1, 1.-10. trinn
Om du er lærar og ønskjer spesialpedagogisk kompetanse for 1.–10.trinn, er dette vidareutdanninga for deg.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Nettstudium Samlingar
- Studiepoeng:
- 30,0
- Varigheit:
- 2 semester (1 år)
- Studietype:
- Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søknadsperiode:
- 01.02.2024
Målgruppa for studiet er lærarar utan spesialpedagogisk utdanning og som underviser i 1. til 10. klassesteg. Vidareutdanninga tek for seg dei mest frekvente vanskane elevar strevar med i opplæringa: åtferd, språk, lesing, skriving og matematikk. Tilpassa opplæring og inkludering er sentralt. Studiet gir innsikt i skulefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa, og har spesielt fokus på å skape eit godt og inkluderande læringsmiljø.
Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar.
Opptakskrav
Fullført allmennlærarutdanning, grunnskulelærarutdanning, faglærarutdanning eller praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet er samlingsbasert og elles organisert gjennom læringsportalen Canvas. Det er tre samlingar (kvar på to dagar) i Volda i semesteret. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane. Det er i tillegg lagt opp til skriftlege og/eller munnlege mellomarbeid på nett mellom samlingane. Det skal leverast ei semesteroppgåve/heimeeksamen på ca 5000 ord. For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav og oppmøte knytt til emnet vere oppfylt.
Du kan lese meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet gir etterspurd kompetanse for å kunne planlegge og gjennomføre spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i skulen.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Haustsemesteret:
SP1-110 KFK-110 onsdag og torsdag i veke 35, 42 og 47 Første samling: 28. august kl. 09.15 på Kaarstad 306
Vårsemesteret:
SP2-110 KFK-110 onsdag og torsdag i veke 3, 9 og 15
Pensum
Pensum haust, SP1-110 KFK Læringsmiljø og åtferd
Studieplan
Spesialpedagogikk 1, 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Fagområdet spesialpedagogikk er omfattande med tradisjon for både breie og allmenne tilnærmingar, men også mange ulike spesialiseringar. Dette studiet ved Høgskulen i Volda vil gje ei brei og allmenn innføring i dei mest vanlege utfordringane som er knytt til behovet for individuelt tilrettelagd opplæring i skulen.
Studiet har som utgangspunkt at opplæringa i skulen skal ha inkludering som ideal og vere grunnlagt i ei klar og kritisk vitskapleg tilnærming til fagfeltet. Det blir lagt vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i elevgruppa under opplæring, der tilpassa opplæring er sentralt. Studiet gir ei forskingsbasert innsikt i institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa for å forklare og forstå behov for spesialpedagogiske tiltak. Ved gjennomført studium skal lærarar i grunnskulen vere betre i stand til både å meistre utfordringar i klasseromma, og å kunne gje god og adekvat individuelt tilrettelagd opplæring for elevar som har enkeltvedtak. Det blir lagd særleg vekt på dei mest frekvente vanskane. Studiet er delt inn i to emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei to emna tek for seg vanskar knytt til læringsmiljø og åtferdspråk, og til lesing, skriving, matematikk .
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kandidaten:
- skal ha inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld inkludering, utvikling, læring og undervisning av elevmangfaldet
- skal ha gode og forskingsbaserte kunnskapar om korleis møte og gje opplæring til elevar med utgangspunkt i dei mest vanlege forklaringane for kva som skaper behov for individuelt tilrettelagd opplæring. Dette er utfordringar knytt til læringsmiljø, åtferd, språk, lesing, skriving og matematikk
Kandidaten:
- skal kunne legge til rette for ein inkluderande fellesskap og aktiv deltaking i opplæringa for å sikre best mogleg tilpassa opplæring for den enkelte
- skal kunne legge til rette for ei god opplæring til elevar med dei mest frekvente årsakene som skaper behov for individuelt tilrettelagd opplæring: utfordringar knytt til læringsmiljø, åtferd, språk, lesing, skriving og matematikk
Kandidaten:
- skal på eit vitskapleg grunnlag kunne vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld elevheterogeniteten i opplæringa
- vurdere, integrere og ta i bruk forsking i eigen pedagogiske praksis
Studiet er delt inn i to emne:
Emne 1: Spesialpedagogikk: læringsmiljø og åtferd.
Emne 2: Spesialpedagogikk: språk, matematikk og leseutvikling.
Kvart av emna går over eit semester: Emne 1 i haustsemesteret og emne 2 i vårsemesteret.
Emne | 2024 Haust | 2025 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon