Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)
Spesialpedagogikk 1, 1.-10. trinn
Om du er lærar og ønskjer spesialpedagogisk kompetanse for 1.–10.trinn, er dette vidareutdanninga for deg.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Nettstudium Samlingar
- Studiepoeng:
- 30,0
- Varigheit:
- 2 semester (1 år)
- Studietype:
- Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)
- Søk frå:
- 01.02.2025 - 15.04.2025
Målgruppa for studiet er lærarar utan spesialpedagogisk utdanning og som underviser i 1. til 10. klassesteg. Vidareutdanninga tek for seg dei mest frekvente vanskane elevar strevar med i opplæringa knytt til mellom anna åtferd, språk, lesing, skriving og matematikk. Tilpassa opplæring og inkludering er sentrale tema. Studiet gir innsikt i skulefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa, og har spesielt fokus på å skape eit godt og inkluderande læringsmiljø.
Korleis søkje støtte til vidareutdanning for lærarar:
Gjennom UDIR si ordning Kompetanse for kvalitet (KFK) og Kompetanse for fremtidens barnehage (KFB) kan du som jobbar i skulen og tar vidareutdanning også søkje økonomisk støtte.
Nytt for studieåret 2025/2026 er at du må sende to søknadar:
Èin søknad til Høgskulen i Volda på emnet du ynskje å studere – søkjeperiode 1. februar til 15. april.
Èin søknad til Utdanningsdirektoratet om vikar- og stipendordning – søkjeperiode 1. februar til 1. mars. (NB. Lenkje til søkjeportalane vert opna 1. februar)
Det er også mogleg å søkje vidareutdanningar ved Høgskulen i Volda utan vikar og stipendstøtte frå UDIR.
Opptakskrav
Fullført allmennlærarutdanning, grunnskulelærarutdanning, faglærarutdanning eller praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet er samlingsbasert og elles organisert gjennom læringsportalen Canvas. Det er tre samlingar (kvar over to dagar) i Volda pr. semester. Det er obligatorisk frammøte til samlingane. Det er i tillegg lagt opp til skriftlege og/eller munnlege mellomarbeid mellom samlingane. Desse kjem i tillegg til arbeidskrava på emnet. For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav og frammøte knytt til emnet vere oppfylt.
Du kan lese meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet gir etterspurd kompetanse for å kunne planlegge og gjennomføre spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i skulen.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Haustsemesteret:
SP1-110 KFK-110 onsdag og torsdag i veke 35, 42 og 48
Vårsemesteret:
SP2-110 KFK-110 onsdag og torsdag i veke 3, 9 og 16
Pensum
Pensum vil komme seinare på våren.
Studieplan
Spesialpedagogikk 1, 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Fagområdet spesialpedagogikk er omfattande med tradisjon for både breie og allmenne tilnærmingar, men også mange ulike spesialiseringar. Dette studiet ved Høgskulen i Volda vil gje ei brei og allmenn innføring i dei mest vanlege utfordringane som er knytt til behovet for individuelt tilrettelad opplæring i skulen.
Studiet har som utgangspunkt at opplæringa i skulen skal ha inkludering som ideal og vere grunnlagt i ei klar og kritisk vitskapleg tilnærming til fagfeltet. Det blir lagt vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i elevgruppa under opplæring, der tilpassa opplæring er sentralt. Studiet gir ei forskingsbasert innsikt i institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa for å forklare og forstå behov for spesialpedagogiske tiltak. Ved gjennomført studium skal lærarar i grunnskulen vere betre i stand til både å meistre utfordringar i klasseromma, og å kunne gje god og adekvat individuelt tilrettelagd opplæring for elevar som har enkeltvedtak. Det blir lagd særleg vekt på dei mest frekvente vanskane. Studiet er delt inn i to emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei to emna tek for seg vanskar knytt til læringsmiljø og åtferdspråk, og til lesing, skriving, matematikk .
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kandidaten:
- skal ha inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld inkludering, utvikling, læring og undervisning av elevmangfaldet
- skal ha gode og forskingsbaserte kunnskapar om korleis møte og gje opplæring til elevar med utgangspunkt i dei mest vanlege forklaringane for kva som skaper behov for individuelt tilrettelagd opplæring. Dette er utfordringar knytt til læringsmiljø, åtferd, språk, lesing, skriving og matematikk
Kandidaten:
- skal kunne legge til rette for ein inkluderande fellesskap og aktiv deltaking i opplæringa for å sikre best mogleg tilpassa opplæring for den enkelte
- skal kunne legge til rette for ei god opplæring til elevar med dei mest frekvente årsakene som skaper behov for individuelt tilrettelagd opplæring: utfordringar knytt til læringsmiljø, åtferd, språk, lesing, skriving og matematikk
Kandidaten:
- skal på eit vitskapleg grunnlag kunne vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld elevheterogeniteten i opplæringa
- vurdere, integrere og ta i bruk forsking i eigen pedagogiske praksis
Studiet er delt inn i to emne:
Emne 1: Spesialpedagogikk: læringsmiljø og åtferd.
Emne 2: Spesialpedagogikk: språk, matematikk og leseutvikling.
Kvart av emna går over eit semester: Emne 1 i haustsemesteret og emne 2 i vårsemesteret.
Emne | 2025 Haust | 2026 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon