Mastergrad Vidareutdanning (masternivå)

Spesialpedagogikk

I dette studiet får du inngåande kunnskapar, ferdigheiter og kompetansar som gjeld opplæringa i barnehage og skule. Merksemda er særleg retta mot dei spesialpedagogiske utfordringane og korleis kombinere omsyna til den enkelte med inkluderande opplæring som ramme.

Start:
Haust
Omfang:
Deltid Samlingar
Studiepoeng:
120,0
Varigheit:
8 semester (4 år)
Studietype:
Mastergrad Vidareutdanning (masternivå)
Søknadsperiode:
01.02.2025 - 15.04.2025

Faget spesialpedagogikk er konsentrert om å forstå og betre vilkåra for barn, unge og vaksne som møter ulike barrierar med konsekvensar for læring, utvikling og livsutfalding. Det er såleis eit svært viktig grunnlag for å planlegge, gjennomføre og vurdere lovpålagd  spesialpedagogisk hjelp i barnehagen og spesialundervisning i skulen. Studiefaget spesialpedagogikk gir også eit grunnlag for å forstå, utvikle og halde ved like inkluderande læringsmiljø og inkluderande opplæring for alle barn, unge og vaksne i barnehage og skule.  

Spesialpedagogikk er både eit vitskapsfag og eit profesjonsfag. Vitskapsfaget inneheld kunnskap og innsikt om fagfeltet som kjem fram i systematisk, metodisk og kritisk forsking. Profesjonsfaget byggjer så langt det er mogleg på vitskapsfaget, men også på relevante, etablerte og prøvde praksisbaserte erfaringar frå pedagogisk og spesialpedagogisk verksemd. Personale med spesialpedagogisk kompetanse kan bidra til å sikre kvaliteten i opplæringstilbodet til alle barn, unge og vaksne, men er særleg viktig for å sikre kvaliteten på opplæringstilbodet til barn, unge og vaksne med behov for ekstra tilretteleggingar i opplæringa.  Viktige føringar for dette er tidleg innsats, førebyggande arbeid, tilpassa og inkluderande opplæring og inkluderande læringsmiljø.  

Studieinnhald

Studiet skal gi studentane brei praktisk, teoretisk og kritisk kunnskap om opplæringa i barnehage og skule, med særskild merksemd retta mot spesialpedagogiske tiltak. Målet er å gi kompetanse i ulike faglege tilnærmingar med særleg vekt på å støtte dei barna og elevane som strevar åtferdsmessig og/eller fagleg i opplæringa. Studentane skal også bli vel kjende med dei aktuelle spesialpedagogiske støttesystema. Studiet gir innsikt i institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa for å forklare behov for spesialpedagogiske tiltak og i drøfting av slike tiltak. Utgangspunktet er at all opplæring skal ha inkludering som ideal med ein klar og kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis.

Opptakskrav

Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum 180 studiepoeng, innanfor følgjande:

  • Allmennlærarutdanning / grunnskulelærarutdanning.
  • Bestått minimum dei tre første åra av grunnskulelærarutdanninga
  • Førskulelærarutdanning / barnehagelærarutdanning.
  • Faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning innan yrkesfag eller allmennfag, faglærar med eigen bachelor eller yrkesfaglærar.
  • Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller anna treårig relevant profesjonsutdanning, og som i tillegg har pedagogisk praksis, kan takast opp etter særskild vurdering.

Dokumentert pedagogisk praksis etter fullført utdanning kan gi 1 tilleggspoeng pr år, inntil fem år. (Maks 5 poeng)

Høgare utdanning utover grunnutdanning kan gi 1 tilleggspoeng per 30 stp. inntil 90 stp.(Maks 3 poeng)

 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, arbeid i mindre grupper, feltarbeid, studentseminar og oppgåveskriving. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane.

Du kan lese meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Avhengig av forkunnskap og studiespesialisering kan dette studiet gje deg kvalifikasjonar for m.a.:

  • spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar
  • arbeid i PP-­tenesta
  • arbeid i høgskulesektoren
  • doktorgradsstudium
  • lektorkompetanse
  • auka forskingsbasert kompetanse for pedagogisk arbeid og FoU­-aktivitet i barnehage og skule
Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Haust 2024 - undervisning måndagar og tysdagar, med unnatak av SPP306

SPP 301: vekenr. 34, 37, 40, 43 og 46 Første samling er måndag 19. august kl. 09.15 på BK 159

SPP 303: vekenr. 35, 38, 42, 45 og 48

SPP 305: vekenr. 34, 37, 40, 44 og 47.

SPP 306: onsdag og torsdag i vekenr. 37 og 40.


Vår 2025- undervisning måndagar og tysdagar, med unnaktak av SPP306D

SPP 302: vekenr. 3, 7, 11, 14 og 18.

SPP 304: vekenr. 4, 8, 12, 15 og 19.

SPP 306D: onsdag og torsdag i vekenr. 2 og 7.

Studieplan

Spesialpedagogikk - master (deltid)

Studieprogram: 
Spesialpedagogikk - master (deltid)
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
8 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering
Deltid
Opptakskrav

1. Opptaksgrunnlaget til mastergradsstudiet i spesialpedagogikk og vidareutdanning i spesialpedagogikk er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar:    

  • bestått minimum dei tre første åra i den fireårige grunnskulelærarutdanninga    

  • allmennlærarutdanning og grunnskulelærarutdanning  

  • barnehagelærarutdanning/førskulelærarutdanning   

  • faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning innan yrkesfag eller allmennfag, faglærar med eigen bachelor eller yrkesfaglærar.  

2. Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller anna treårig relevant profesjonsutdanning kan takast opp etter særskild vurdering. 

3. Det vert gjeve tilleggspoeng slik: 

  • eitt poeng pr. år inntil fem år for pedagogisk praksis frå barnehage, skule eller annan pedagogisk institusjon etter avslutta grunnutdanning. 
  • eitt poeng pr. 30 studiepoeng og inntil 3 poeng (90 studiepoeng) når søkjaren dokumenterer høgare utdanning ut over opptaksgrunnlaget. 

4. Tilstrekkelege norskkunnskapar.

5. Det er eigne reglar for opptak til dei avsluttande emna Vitskapsteori og forskingsmetode (SP305) og Masteroppgåve (SP306). Desse går fram i punktet «Organisering og arbeidsmåtar» lenger nede i dette dokumentet. 

Om studiet

Mastergradsstudiet i spesialpedagogikk er profesjonsretta og har som mål å gi studentane solid kunnskap og kompetanse som gjeld vilkår for utvikling, læring og livsutfalding for dei som møter barrierar i livet. Omgrepa inkluderande opplæring og inkluderande læringsmiljø er overordna ideal som gjeld for mangfaldet barn, unge og vaksne både i ordinær opplæring og i spesialpedagogiske tiltak. Dei ulike emna i studiet gir ulike faglege tilnærmingar til utfordringane i opplæringa og til kva som kan gje høg kvalitet både i ordinær opplæring, men særleg i spesialpedagogiske innsatsar i barnehage og skule (sjå studieplanen for nærare informasjon om emna). Studiet byggjer på godt utvikla og dokumenterte praksiserfaringar i kombinasjon med ei kritisk vitskapleg og forskingsbasert tilnærming til fagfeltet. Undervisninga tek opp det historiske, utdanningspolitiske, praktiske og teoretiske grunnlaget for spesialpedagogikken og inkluderande opplæring. Det vert lagt vekt på kritisk og analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing samt skriftleg og munnleg presentasjon. I masterstudiet blir det gitt innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar. Der skal studentane under rettleiing planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid.   

Avhengig av forkunnskap kan dette studiet gje deg

  • lektorkompetanse   

  • auka forskingsbasert kompetanse for pedagogisk arbeid og FoU- aktivitet i barnehage og skule   

  • kvalifikasjonar for mellom anna:   

    • spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, helsevesenet og andre relevante institusjonar   
    • arbeid i PP-tenesta  

    • arbeid i universitets- og høgskulesektoren  

    • fullført mastergrad kan gi opptak til doktorgradsprogram   

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Kandidaten 

  • har inngåande kunnskapar om overordna spørsmål som gjeld utvikling, læring og undervisning av mangfaldet av barn, unge og vaksne    
  • har omfattande kunnskapar om spesialpedagogiske tiltak og inkluderande opplæring   
  • har grundige kunnskapar om ulike vitskaplege og forskingsmetodiske tilnærmingar til fagfeltet   
Ferdigheiter

Kandidaten   

  • kan planlegge, iverksette og vurdere tiltak som fremjar inkluderande opplæring  
  • kan nytte innsikta i spesialpedagogikken til å utøve profesjonelt skjøn for ei best mogleg opplæring for sårbare barn, unge og vaksne    
  • kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid  
Generell kompetanse

Kandidaten   

  • kan vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld spesialpedagogiske utfordringar og inkluderande opplæring   
  • kan vurdere, integrere og ta i bruk kunnskap frå studiet i eigen yrkespraksis   
  • kan legge vitskaplege kriterium til grunn for eigen faglege ståstad og utvikling   
Organisering og arbeidsmåtar

Mastergradsstudiet i spesialpedagogikk inneheld i alt seks emne. Emna SPP301, SPP302, SPP303, SPP304 og SPP305 går kvar over eitt semester, og har fem samlingar pr. emne. Kvar samling er på to dagar og kvart av emna er på 15 studiepoeng. Masteroppgåva (SPP306D) er på 45 studiepoeng, har færre samlingar og går over tre semester.  Alle emna er obligatoriske for å få godkjent studiet. Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6.   

Studentane byrjar til vanleg med emnet Overordna perspektiv på spesialpedagogisk arbeid og inkluderande opplæring (SPP301). I masterstudiet skal emna Vitskapsteori og forskingsmetode (SPP305) og Masteroppgåve (SPP306D) gjennomførast til slutt.  

Studentane må ha karakteren C eller betre i snitt frå dei fire første obligatoriske emna. Masteroppgåva kan ikkje leverast før ein har fått godkjent resultat på Vitskapsteori og forskingsmetode (SPP305).   

Studentar med vidareutdanning i spesialpedagogikk eller med anna relevant utdanning, kan søkje om å få innpassa og godkjent dette i masterprogrammet. Etter individuell vurdering er det også mogleg å få godskrive emne på masternivå frå andre høgskular/universitet.    

Spesialpedagogikk - master (deltid)
Evaluering og kvalitetssikring

Vurderingsordningane varierer frå emne til emne. Det er variasjon mellom emna i arbeids- og vurderingsformer. Dei konkrete ordningane går fram av omtalane for kvart einskild emne. Avsluttande vurdering blir gjort etter kvart emne. Det skal normalt vere ekstern sensor på alle emna. Alle emna blir vurderte i høve til karakterskalaen A til F, der A er beste karakter og E er siste ståkarakter.   

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem.   

Kvart emne vil verte vurdert fortløpande på fleire måtar:    

  • samlingsevalueringar    
  • sluttevaluering    
  • møte i kvalitetsutvalet for studiekvalitet    
  • tilbakemelding frå eksternsensor (sensorrapport) 
Ansvarleg
Anne Randi Fagerlid Festøy, epost: anne.randi.fagerlid.festoy@hivolda.no