Vidareutdanning (bachelornivå)

Tre - tradisjon og fornying

Dette emnet er eit praktisk emne der du får lære om ulike materiale, teknikkar og designprosessar innan fagområde tre.

Kunst og Handverk
Start:
Haust
Omfang:
Deltid
Studiepoeng:
15,0
Varigheit:
1 semester
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå:
01.02.2025

Studiet har løpande opptak.

Gjennom kreative prosessar, problemløysing og produktutvikling, vert det utvikla materialforståing og design- og bearbeidingskompetanse innan materialområdet tre. 

I dette emnet får du mellom anna:

  • brei kunnskap om ulike materialar, teknikkar, verktøy og visuelle verkemiddel innan materialområdet tre
  • kunnskap om idéutvikling, skissearbeid og designprosessar
  • kunnskap om estetisk analyse med vurdering av form og funksjon
  • kjennskap til fagtradisjonar, og fagområdet sin plass i skule og samfunn

Les meir om emnet her.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. 

Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studenten får prosessevaluering i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet er eit obligatorisk emne i Bachelor i design, kunst og handverk, og vil bli godskrive for dei som ønskjer å fullføre denne graden.

Studiet er også aktuelt for lærarar i skulen som ynskjer eit etter- og vidareutdanningstilbod knytt til trearbeid og treverkstad.  

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studiet er eit enkeltemne på 15 stp. og ein må rekne med to undervisningsdagar i veka på det jamne.

Undervisningsdagar hausten 24 er måndag og torsdag.

 

Oppstart hausten 2024 er tysdag 20. august. Undervisninga i emnet startar opp måndag 26.08 kl 09.00 på Treverkstaden på Kaarstad. 

Pensum

Pensumlister blir publisert på heimesida og i Canvas før studiestart.