Semestre

KOH115 Tre - tradisjon og fornying

Emnekode: 
KOH115
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Tre - tradisjon og fornying er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, men er også tilgjengeleg for eksterne søkjarar. Dette er eit praktisk emne der ein får lære om ulike materiale, teknikkar og designprosessar innan fagområde tre. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten: 

  • har brei kunnskap om ulike materialar, teknikkar, verktøy og visuelle verkemiddel innan materialområdet tre 
  • har kunnskap om idéutvikling, skissearbeid og designprosessar 
  • har kunnskap om stell og vedlikehald av verktøy og maskiner 
  • har kunnskap om estetisk analyse med vurdering av form og funksjon 
  • har kjennskap til fagtradisjonar, og fagområdet sin plass i skule og samfunn. 
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke ulike teknikkar og verktøy på ein høveleg måte innan materialområdet tre 
  • kan gjere hensiktsmessige materialval 
  • kan jobbe planmessig med ideutvikling og skissearbeid som del av ein designprosess 
  • kan bruke og vedlikehalde verktøy og maskiner ut frå eit funksjons- og miljøperspektiv  
  • kan vurdere og analysere ulike visuelle uttrykksformer i eige og andre sitt arbeid. 

 

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan utnytte faget sitt potensiale i å fremje berekraftig utvikling 
  • kan reflektere kring relevante helse-, miljø- og sikkerheits-tiltak knytt til fagområdet 
  • kan utveksle erfaringar og synspunkt med bakgrunn i fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis. 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studenten får prosessevaluering i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar.   

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6. Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysing slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråvær.       

Arbeidskrav: Eit praktisk arbeid med tilhøyrande dokumentasjon til fastsett frist.  

 

Sensorordning
Minimumstal: 
12
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Knut Einar Lillebø-Voll
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr. 800,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr, samt materialar til eige eksamensarbeid. 

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Design, kunst og handverk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell
6 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Ei praktisk oppgåve med tilhøyrande dokumentasjon.
Godkjent av: 
Unni Hagen