Vidareutdanning (bachelornivå)

Utforskande digital praksis i barnehagen

Studiet er retta mot barnehagelæraren, og gir ei innføring i utforskande digital praksis i barnehagen. Du skal lære å planlegge, praktisere, dokumentere og evaluere det digitale som ein del av det pedagogiske arbeidet. 

Studieavgift kr.2000,-.

Digital kompetanse - programmering av mikrokontrollerar
Start:
Vår
Omfang:
Nettstudium Deltid
Studiepoeng:
5,0
Varigheit:
1 semester
Studietype:
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søknadsperiode:
01.11.2024

Løpande opptak til studiet er fullteikna.

Studieprogrammet gir gode høve til å utvikle eigne praktiske ferdigheiter, men også utvikle evna til å vurdere når og korleis digitale verktøy skal nyttast. Studentane skal utvikle sin eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse (PfDK) og bidra med lokalt utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet.

Les meir om emnet. 

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det er lagt opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til eigen arbeidsplass. Emnet er organisert i asynkrone nettleksjonar og øvingar.

Aktuelle yrke og vidare studium

Emnet er retta mot barnehagelæraren og skal gi ei innføring i utforskande digital praksis i barnehagen.