Profile picture for user aanesa

Anders Aanes

Høgskulelektor

Institutt for språk og litteratur

 

    Fagområde

    Eg er språkvitar med lang fartstid frå museumsorganisasjonen Nynorsk kultursentrum (2008-2020). I tillegg har eg arbeidd ein periode som avisjournalist.

    Eg har særleg interesse for nyare språkhistorie, språknormer, sosiolingvistikk, diskursanalyse og retorikk. Eg har dessutan arbeidd mykje med nynorsk skriftkultur.

    Frå 2019 til 2022 var eg engasjert i forskingsprosjektet Fogderifylket Møre og Romsdal – eit forestilt fellesskap? Identitet i eit grenseland

    Frå 2015 til 2018 var eg involvert i forskingsprosjektet Museum som minnepolitiske institusjonar, med støtte frå Kulturrådet. Eg granska då vilkåra for forsking i musea kring Bjørnsonåret 2010, og publiserte ein artikkel i boka Forfattarens skrifstader. Litterære museum i norsk minnepolitikk (red. Ottar Grepstad 2018) saman med Stein Arnold Hevrøy. 

    Eg er emneansvarleg for NO112S/NO102N Språket som kultur, der eg underviser i sosiolingvistikk, pragmatikk og tekstteori. Eg underviser dessutan i morfologi og semantikk i haustemnet NO111S/NO101N Språket som struktur.  

    Doktorgradsprosjekt/ph.d.

    I ph.d.-prosjektet mitt vil eg sjå nærare på den såkalla folkemålslinja i målrørsla, primært på 1970-talet. Eg vil undersøkje kva for retoriske vilkår og strategiar som ligg til grunn i denne brytningstida då dialektar vart vektlagde i endå større grad i argumentasjonen for nynorsk. Sjølv om dialektane har vore fundamentet for nynorsken heile vegen, er det rimeleg å seie at det frå slutten av 1960-talet utvikla seg ein ideologi som førte til at stillinga til dialektane i Noreg vart ytterlegare styrkt i det offentlege rommet. Samstundes vart valfridomen i skriftspråket i større grad teken i bruk som eit didaktisk verkemiddel. I prosjektet vil eg nærlese språkpolitiske tekstar for å analysere korleis ein skapte ryggdekning for det nye fornuftsgrunnlaget for nynorsken i perioden.  

    Verv

    Eg sit i styret i Forskerforbundet ved Høgskulen i Volda.

    Tidlegare verv

    I perioden 2021-2023 var eg seksjonsleiar for Ivar Aasen-seksjonen for språk, litteratur og kultur. I same perioden var eg studieprogramansvarleg for Bachelor i språk og litteratur. 

    Vitskapeleg arbeid

    CRIStin

    Anna

    Innanfrå, utanfrå. Carl Frode Tillers litterære metode
    Publisert 2019 av Anders Aanes

    Nynorsk vinyl. Songskatten i rillene
    Publisert 2019 av Anders Aanes

    Jakta på det nynorske
    Publisert 2018 av Anders Aanes

    Eg er. Ei utstilling om språk og identitet
    Publisert 2018 av Anders Aanes

    Jubileum, forsking og minnepolitikk. Museumsforsking i samband med Bjørnson-året 2010.
    Publisert 2018 av Stein Arnold Hevrøy, Anders Aanes

    Sannare enn røynda?
    Publisert 2016 av Anders Aanes

    Menneske og språk på vandring
    Publisert 2016 av Anders Aanes

    Når det gjeld å skilje seg ut
    Publisert 2015 av Anders Aanes

    Språk til sals! Ei utstilling om reklamespråket
    Publisert 2015 av Anders Aanes

    Makta i språket. Ei utstilling om språk, makt og demokrati
    Publisert 2014 av Anders Aanes

    Språksamlaren Ivar Aasen 1813-1896
    Publisert 2013 av Anders Aanes

    Ivar Aasen På Solnør
    Publisert 2013 av Anders Aanes

    Nynorsk i Romsdal
    Publisert 2013 av Anders Aanes

    Kryssord og magi. Songlyrikk frå Bob Dylan til Arne Moslåtten
    Publisert 2012 av Anders Aanes

    Ordets sølvsmedkunstnar. Elias Blix 1836-1902
    Publisert 2011 av Anders Aanes

    Hjarteklapp. Ung forelsking og kjærleik
    Publisert 2011 av Anders Aanes

    Kort sagt, stort tenkt. Ei utstilling om noveller
    Publisert 2010 av Anders Aanes

    Kunsten i livet. Diktaren Jon Fosse
    Publisert 2009 av Anders Aanes

    Valfridom i nynorsk - eit problem for eleven?
    Publisert 2009 av Anders Aanes

    Det usynlege språket. Omsetjing og gjendikting
    Publisert 2008 av Anders Aanes