Utdanningsdagane - Historie

Her skal du møte

Kaarstad 202

Historie handlar om å studere årsakene til at den verda vi lever i er slik ho er.

Ved å nytte arkeologiske, skriftlege og munnlege kjelder, studerer historikarane utvikling og endring over tid, og prøver å forklare denne. Kvifor fann jordbruksrevolusjonen stad akkurat i Midt-Austen for kring 12 000 år sidan? Kvifor hende den industrielle revolusjonen i Storbritannia i andre halvdel av 1700-talet? Kvifor fekk dei skandinaviske landa ein universell velferdsstat etter andre verdskrig? 
 
Gjennom å stille og svare på slike spørsmål siktar historiestudiet mot å gi forståing av korleis folk sine levekår har endra seg gjennom historia. Djupast sett handlar historiefaget såleis om å forstå kven vi er, og korleis vi har vorte slik. Det handlar om store strukturar som klima, statsvekst, grøde og handel, men også om einskilde menneske og deira historier. 
 
I 2018 er det til dømes hundre år sidan 1900-talets urkatastrofe, første verdskrig tok slutt. Framleis i dag lever mange av konfliktane som førte til denne krigen vidare, i Midt-Austen, på Balkan, i Ukraina og Sør Aust-Asia. Og sjølv om Noreg var nøytral i krigen, var det tusenar av nordmenn som deltok på begge sider. Kva kan historiene til dei norske soldatane fortelje om den moderne krigen, samtida deira og om korleis også Noreg vart påverka av denne krigen?
 
Den viktigaste reiskapen for å svare på historiske problemstillingar er kjeldekritikk: å kunne vurdere og forstå informasjon og sette den inn i samanhengar. Dette er ferdigheiter som ikkje minst er viktige i vårt moderne kunnskapssamfunn, og historiestudiet er difor i dag ikkje minst viktig også som eit ferdigheitsfag. 
 
Studium i historie kvalifiserer for ulike former for formidlings- og kulturarbeid og internasjonalt arbeid. Vel du dette fagområdet vil du få informasjon om studiemodellen og vere til stades på førelesingar med tema frå ulike epokar av vår historie.

Link til våre facebook sider
Lenkje til Bachelor i Historie