Utdanningsdagen 2024
Er du usikker på kva du skal gjere etter vidaregåande eller folkehøgskule? Eller veit du akkurat kva du skal? Uansett kva du tenkjer om framtida, inviterer Høgskulen i Volda deg til utdanningsdag 30. oktober. Kom og bli kjend med utdanningane våre, føl litt på livet på campus, snakk med lærarar og studentar, sjå innsida av høgskulen og spør og grav!
Alle rådgjevarar, lærarar og avdelingsleiarar som også deltar på Utdanningsdagen er hjarteleg velkomne til lunsjseminar ved Avdeling for kulturfag!
Slik blir du klar til utdanningsdagen
- I boksane under kan du lese litt om studieprogramma våre. Desse har kvar sin post under utdanningsdagen.
- Meld deg på digitalt når du har bestemt deg for kva tre postar du har lyst å besøke.
- Deretter får du tilsendt din eigen timeplan for dagen på e-posten du registrerer deg med. På timeplanen står det tidspunkt for oppmøte til postane, og kva rom du skal vere på.
Gjer deg kjend med studieprogramma våre
Program
- 10.00 - 10.30: Felles opning i kantina i Berte kanutte-huset: Velkommen til Høgskulen i Volda!
- 10 minutt til å flytte på seg
- 10.40 - 11.20: Utdanningsval 1
- 10 minutt til å flytte på seg
- 11.30 - 12.10: Høgskulen spanderer lunsj til alle deltakarar!
- Kantina i Berte Kanutte-huset
- "Folkelivet" i Hans Strøm-huset (HS239)
Informasjon om kvar du skal ete lunsj får du når du melder deg på utdanningsdagen
- 11.30 - 12.30: Lunsjseminar for rådgjevarar, avdelingsleiarar og lærarar: "Frå studium til arbeid: Moglegheiter i dei praktisk-estetiske faga".
Påmelding innan 24. oktober kl 16.00 - 10 minutt til å flytte på seg
- 12.20 - 13.00: Utdanningsval 2
- 10 minutt til å flytte på seg
- 13.10-13.50: Utdanningsval 3
- 13.50 -14.30: Gjer deg kjent på campus og besøk stands i fellesarealet i Berte Kanutte-huset
- 14.40: Vel heim!
Velkommen til Volda!
Les meir om korleis det er å vere student i studiebygda Volda, både på skulen og på fritida.
Kontaktperson for utdanningsdagane
Torill Engeseth, prosjektleiar.
E: torill.engeseth@hivolda.no.
M: 458 06 705