Utdanningsdagane - PR, kommunikasjon og media

Velkommen til PR, Kommunikasjon og Media

Her skal du møte

Sivert Aarflot 257

Vil du ta ein utdanning som lærer deg om sosiale medium, digitale kampanjar og korleis ein kan påverke gjennom kommunikasjon? Då er PR, kommunikasjon og Media ein bachelor for deg!

Når du besøker oss på Utdanningsdagane 2022 vil du få ein introduksjon til bacheloren PR, kommunikasjon og media, og eit innblikk i kvardagen som student ved Høgskulen.

Utdanninga gir deg uendeleg med mogelegheiter som kommunikasjonsrådgjevar, presseansvarleg, programleiar, innhaldsprodusent, digital rådgjevar, kommunikasjonssjef, SoMe-sjef, marknadsføring eller til dømes webredaktør.

Vi er fire studentar som gler oss til å møte dykk og fortelje dykk om denne bacheloren og alle mogelegheitene som følgjer med. De vil høyre frå noverande og tidlegare PR, kommunikasjon og media-studentar i Volda. Vi har eit veldig spennande program planlagt for dykk, og sjølvsagt nokre overraskingar på lur!

Les meir om Bachelorgraden eller lytt til podcast om utdanninga