Utdanningsdagane - Språk og litteratur

Her skal du møte

BK 157

Bachelor og årsstudium i språk og litteratur tilbyr utdanning i språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og gir innsyn i språk og kultur frå notid og fortid.

Du vel i utdanninga fordjuping i anten norsk eller engelsk. Undervegs i studiet vil du lære om språk, lese litteratur og øve deg på å skrive gode tekstar. Du vil hjå oss kunne bli medlem i eit studenttidsskrift og få erfaring som redaktør for litterære og faglege tekstar, arrangere sosiale utflukter, og skrive eigne artiklar og bokmeldingar. Om du vel engelsk fordjupning kan du også dra på utveksling til England.

Utdanninga kvalifiserer for jobbar der ein arbeider med kultur, språk og tekst. Dette gjeld mellom anna journalistisk arbeid, kulturleiing, forlagsarbeid, skribentjobbar, eller arbeid i bibliotek, arkiv, eller museum. Ein kan også jobbe som lærar i norsk eller engelsk etter studiet.

Velkomen til oss for korte faglege føredrag om kva du kan lære i dette studiet

Les meir om bachelorgraden i Språk og litteratur.