Utdanningsdagen - Grunnskulelærar

Oppmøte: BK159, Auditorium, Berte Kanutte-huset

Grunnskulelærarutdanning for 1. - 7. trinn og Grunnskulelærarutdanning for 5. - 10. trinn er profesjonsutdanningar som er aktuell for deg som likar å arbeide med barn, og som ønskjer å arbeide i skuleverket.

I studiemodellen ved Høgskulen i Volda er det høve til både å velje breidde og fordjuping i fag. Utdanningane kvalifiserer i første rekkje for å arbeide som lærar i grunnskulen, men kan også gi grunnlag for arbeid i andre yrke som til dømes med pedagogiske og administrative oppgåver i skuleverket eller andre formidlingsinstitusjonar i offentleg og privat sektor.  Høgskulen i Volda er den einaste høgskulen i Møre og Romsdal som tilbyr lærarutdanningar.

Under utdanningsdagane i Volda vil du få nærare kjennskap til korleis det er å vere student og få ein smakebit av førelesingar i ulike fag innanfor utdanninga.